August Sabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

August Sabbe (fødd 1. september 1909 i Paidra i Estland, død 27. september 1978 i same området) var ein av dei siste overlevande estiske medlemmene av Skogbrørne, ei gruppe borgarar frå Estland, Latvia og Litauen som modarbeidde og kjempa mot den sovjetiske okkupasjonen av dei tre landa. Sabbe gøymde seg i skogane i Estland og levde frå dag til dag som andre skogbrør.

I 1978, i ein alder av 69, vart Sabbe funnen av to KGB-folk. Han hadde kledd seg ut som fiskar. Då dei forsøkte å fange han, hoppa han i ei elv, vart spidda av eit skjult tre og døydde.