August Spørck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
August Spørck

Fødd13. september 1851
Oslo
Død14. juli 1928 (76 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, offiser
EktefelleMimi Spørck
BarnGunnar Spørck
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Alle verv

August Geelmuyden Spørck (13. september 185114. juli 1928) var ein norsk general og Venstre-politikar. Han var forsvarsminister i Gunnar Knudsens første regjering frå 20. august 1909 til 1. februar 1910.

Spørck var fødd i Christiania, der faren var kjøpmann. Sjølv gjekk han krigsskulen 1868-72 og deretter den militære høgskulen 1873-75. Han utdanna seg vidare, 1876-78, på sentralskulen for gymnastikk.

Han vart offiser i 1872, forfremja til premierløytnant i 1877, kaptein i 1889 og oberstløytnant 1902 og militærkonsulent i Stockholm. Spørck var aktiv i forsvarsspørsmål, deltok i ulike militære komitear og i skyttarrørsla. Medlem av formannskapet i Trondheim 1894-1903.

Spørck var 1. varamann til Stortinget 1898-1900 frå valkrinsen Trondhjem og Levanger, han tok sete i Stortinget allereie 21. februar 1898 og sat der resten av perioden. Den neste perioden, 1900-03, var han 2. representant frå same krinsen. Han var medlem 1898-1900 og formann 1900-03 av militærkomiteen, 1900 medlem av komiteen om den tekniske høgskulen, samt 1900-03 av Lagtinget og valkomiteen.

I 1903 vart Spørck sjef for Kristiania landevernbataljon, to år seinare vart han utnemnd til oberst og sjef for det søndmørske korps av Trondhjemske infanteribrigade. Deretter sjef for Kristiania korps i 1909 og for vestre akershusiske infanteriregiment nr 2 i 1911. Han vart utnemnd til generalmajor og kommandant i Trondheim i 1914, og var frå 1916 generalinspektør for infanteriet. Han gjekk av i 1919.

Spørck var med å stifte Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, der han var styremedlem.

Han vart i 1901 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1910. Han var også kommandør av 1. klasse av den danske Dannebrogordenen, storoffiser av den belgiske Leopoldsordenen, offiser av den franske Æreslegionen samt riddar av 1. klasse av den svenske Sverdordenen.

Spørck døydde i Vestre Aker i Oslo i 1928.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]