August Wilhelm Boesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Drammenselven». Olje på lerret ca. 1840. Tilhøyrer Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

August Wilhelm Boesen (fødd 12. august 1812 i Vigerslev på Fyn, død 17. november 1857 i Bologna) var ein dansk kunstmålar.

Boesen gjekk på Kunstakademiet i København, men slutta utan å fullføre. Dei fyste arbeida hans var landskapsmålerier frå heimtraktane på Fyn, fleire av desse vert kjøpt av kong Fredrik VII av Danmark.

Boesen var på fleire reiser i Europa, blant anna i Noreg og Sverige. I bokverket Norge fremstillet i Tegninger av Christian Tønsberg frå 1848 er eit litografi av eit av måleria hans frå Drammen.

Boesen gifta seg i 1845 med Mathilde Henriette Sommer (1811-1890), dotter av kjøpmann Hans Jessen Sommer og Christiane Kaasbøll frå Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: August Wilhelm Boesen