Trier

Koordinatar: 49°45′24″N 6°38′29″E / 49.75667°N 6.64139°E / 49.75667; 6.64139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Augusta Treverorum)
Trier
Trier mellom 1890 og 1905
Trier mellom 1890 og 1905
Trier mellom 1890 og 1905
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Trier
Trier is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Rheinland-Pfalz
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 16 fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By

117,13 km²
Innbyggjarar
 - By (2013)
   - folketettleik

107 233
  916/km²
Koordinatar 49°45′24″N 6°38′29″E / 49.75667°N 6.64139°E / 49.75667; 6.64139
Høgd over havet 137 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 54290, 54292, 54293, 54294, 54295, 54296
Telefon-retningsnummer 0651
Bilnummer TR
Heimeside: www.trier.de

Trier (fransk Trèves, luxembourgsk Tréier, latin Augusta Treverorum) er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg ved breidda av elva Mosel og er den eldste i Tyskland, grunnlagd i eller før 16 fvt.[1] Trier er ikkje den einaste byen som hevdar å vere den eldste i Tyskland, men Trier er den av desse som har lengst historie som by, og ikkje berre som busetnad eller militærleir.

Trier ligg i ein dal mellom låge sandsteinsåsar kledd med vinranker vest i Rheinland-Pfalz, nær grensa til Luxembourg og er ein del av det viktige vinområdet Mosel-Saar-Ruwer.

Byen er det eldste setet for eit kristent bispedøme nord for Alpane. I mellomalderen var erkebiskopen av Trier ein svært viktig kyrkjeleg fyrste sidan erkebispedømet Trier kontrollerte landområde frå den franske grensa til Rhinen. Han var òg ein av dei sju kurfyrstane i Det tysk-romerske riket.

Dei nærmaste storbyane i Tyskland er Saarbrücken, om lag 80 km mot søraust, og Koblenz, om lag 100 km nordaust. Endå nærare ligg hovudstaden i Luxembourg, 50 km sørvest.

I Trier ligg Universität Trier frå mellomalderen, regionalforvaltinga, og eit katolsk bispedøme.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Trier ligg i Moseldalen, der størstedelen av byen ligg på høgresida av elva. Bakkar kledde med skog og vinranker strekkjer seg opp til Hunsrückplatået i sør og til Eifel i nord. Grensa til Luxembourg ligg berre 15 km borte.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja i Trier

Romarriket erobra stamma Treveri i det 1. hundreåret fvt. og oppretta Augusta Treverorum («Byen Augustus i landet til Treveri») i år 30 fvt. Byen vart seinare hovudstad i den romerske provinsen Gallia Belgica, i tillegg til i det romerske prefekturet Gallia. Porta Nigra vart bygd av romarane i byen. Trier var residens for den vestromerske keisaren og fødestad for St. Ambrose.

Frankarane okkuperte Trier i år 459. I 870 vart han ein del av Austfrankarriket, som utvikla seg til Det tysk-romerske riket. Levningar av St. Mattias vart visstnok ført til byen, noko som førte til at mange pilegrimar kom til byen. Biskopane i byen vart etter kvart svært mektige, og erkebiskopdømet Trier vart eit av kurfyrstedøma i riket, og ein av dei mektigaste statane i Tyskland. Universität Trier vart grunnlagd i 1473.

På 1600-talet flytta erkebiskopen og kurfyrsten av Trier til Philippsburg Slott i Ehrenbreitstein nær Koblenz. Ein sesjon av Reichstag vart halde i Trier i 1512, der demarkasjonslinja til Reichkreis endeleg vart fastsett.

På 1600- og 1700-talet prøvde Frankrike fleire gongar å ta Trier, og han vart invadert under trettiårskrigen, den pfalsiske arvefølgjekrigen, den spanske arvefølgjekrigen og den polske arvefølgjekrigen. Frankrike klarte til slutt å erobre Trier i 1794 under den franske revolusjonskrigen og erkebispedømet vart oppløyst. Etter napoleonskrigane tok slutt i 1815 vart Trier ein del av Preussen. Karl Marx vart fødd i byen i 1818.

Som ein del av den prøyssiske provinsen Rheinprovinz utvikla Trier seg økonomisk på 1800-talet. Byen var opphav til Marsrevolusjonen i 1848, men opprørarane vart raskt slått ned. Han vart ein del av Det tyske keisarriket i 1871.

Dei allierte gjekk kraftig til åtak på Trier i 1944 under den andre verdskrigen og han vart kraftig bombardert. Byen vart ein del av den nye delstaten Rheinland-Pfalz etter krigen. Universitetet, som vart lagd ned i 1797, vart opna igjen i 1970-åra, medan domkyrkja i Trier opna på ny i 1974. Trier feira offisielt sitt 2000-årsjubileum i 1984.

Utsyn over Trier frå monumentet Mariensäule.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettside om kommunen Trier, arkivert frå originalen 8. august 2002, henta 21. juni 2007 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trier