Augustin-Jean Fresnel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Augustin Fresnel.

Augustin-Jean Fresnel (10. mai 178814. juli 1827) var ein fransk fysikar som medverka stort innan optikk. Fresnel studerte oppførselen til lyset, både teoretisk og eksperimentelt.

Oppdagingane og dei matematiske deduksjonane hans, basert på arbeida til Thomas Young, utvida bølgjeteorien hans om lys med mange fleire optiske fenomen.

Saman med François Arago studerte Fresnel lovene om interferens av polariserte stråler. Dette resulterte i «Fresnels rombe». Fresnel er truleg mest kjent for oppfinninga av Fresnel-linse, som vart teken i bruk i fyr, og framleis er i bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]