Augusto Pinochet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Augusto Pinochet | |
![]() Augusto Pinochet i Argentina. |
|
| President i Chile | |
| Regjeringstid | 11. september 1973–11. mars 1990 |
|---|---|
| Fullt namn | Augusto José Ramón Pinochet Ugarte |
| Fødd | 25. november 1915 i Valparaiso |
| Død | 10. desember 2006 |
| Føregjengar | Salvador Allende |
| Gift med | Lucía Hiriart Rodríguez |
Augusto Pinochet (25. november 1915–10. desember 2006) var ein chilensk general og politikar. Han var president i Chile frå 1973 til 1990, og framleis forsvarssjef i nokre år etter det. Han kom til makta gjennom eit USA-støtta militærkupp mot den folkevalde sosialistiske presidenten Salvador Allende, som døydde under kuppet. Han leidde landet som eit høgreorientert militærdiktatur, som sjef for ein militærjunta. Fleire tusen menneske vart myrda under diktaturet, og enda mange fleire vart torturerte. Ein stor del av folket vart drivne i eksil. Den økonomiske politikken til Pinochet-regimet var marknadsliberalistisk. Frie fagforeiningar var forbodne.
| Føregjengar Salvador Allende |
President i Chile 1973–1990 |
Etterfylgjar Patricio Aylwin |
