Augvald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Augvald er namnet på ein legendarisk konge frå folkevandringstida som namnet til den viktige vikinggarden AvaldsnesKarmøy i Rogaland fylke kjem av.

Namnet til Augvald på norrønt språk var Ogvaldr. Namnet hans kan tyda «Den som held folk i age» eller rett og slett «Kystvaktaren» (av ogd, 'kyststrekning'). Staden han budde fekk namn etter kongen, Augvaldsnes som seinare vart til Avaldsnes.

Kong Augvald kjempa mot kong FerkingFerkingstad. I det siste slaget på Stavasletta vart kong Augvald drepen. Døtrene hans, som skal ha vore med og kjempa som skjoldmøyer, hoppa i Stolsåna og drukna. Over kvar av gravene deira vart det reist ein bautastein. Desse vert i dag kalla Skjoldmøyane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]