Aukštaitija

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regionar innanfor moderne Litauen
██ Litlelitauen ██ Samogitia ██ Aukštaitija ██ Sudovia ██ Dzūkija

Aukštaitija («høglandet») er ein av fem etnografiske regionar i Litauen. Namnet kjem av at regionen er relativt høg samanlikna med resten av landet, særleg i austlege delar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Aukštaitija er den nordaustlege delen av Litauen og utgjer òg ein liten del av Latvia og Kviterussland. Den største byen og hovudstad i regionen, sjølv om regionane ikkje er politiske inndelingar, er Panevėžys, med over 100 000 innbyggjarar. Dei største byane med meir enn 20 000 innbyggjarar er :

  • Panevėžys - 119 749
  • Jonava - 34 954
  • Utena - 33 860
  • Kėdainiai - 32 048
  • Visaginas - 29 554 (merk at denne byen vart bygd av sovjetarane og er busett av russarar og andre tidlegare sovjetarar og er derfor berre geografisk ein del av denne etnografiske regionen)
  • Ukmergė - 28 759
  • Radviliškis - 20 339

Regionen er full av innsjøar, hovudsakleg på austsida.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk dekte Aukštaitija området Hertugdømet Litauen opp til 1200-talet. Den første hovudstaden var truleg Kernavė. I avtalen med Gediminas frå 1322 vart Aukštaitija kalla terra Eustoythen («landet til Aukštaitijarane»). Aukštaitija vart nemnd i Austechia i Chronicon terrae Prussiae skrive rundt 1326. Sidan slutten av 1200-talet har området vore ein del av Hertugdømet Vilnius/Litauen og Hertugdømet Trakai. Etter 1400-talet utgjorde Trakai voivodeskap og Vilnius voivodeskap Aukštaitija, som både ein politisk og etnisk eining kalla Eigentlege Litauen.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Regionen har minoritetar av russarar og kviterussarar i aust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]