Auldhame and Scoughall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Auldhame and Scoughall
busetnad
Land  Storbritannia
Kart
Auldhame and Scoughall
56°03′01″N 2°39′07″W / 56.0502°N 2.652°W / 56.0502; -2.652
Wikimedia Commons: Auldhame & Scoughall

Auldhame og Scoughall er to grender i East Lothian i Skottland. Dei ligg nær byen North Berwick og landsbyen Whitekirk, og om lag 40 km aust for Edinburgh.

Åker i Auldhame med utsyn mot Bass Rock.
Auldhame Castle.

Den kristne misjonæren og helgenen Baldred skal ha halde til ved Auldhame på 700-talet, som einebuar på klippa Bass Rock og som geistleg på fastlandet.[1] Då han døydde gjorde dei tre sokna Auldhame, Tyninghame og Prestonkirk alle krav på leivningane hans. Ifølgje soga gav ein heilag mann det rådet at ein skulle tilbringa ei natt i bøn, og om morgonen var det ved eit mirakel tre lik klare til gravlegging i kvar av kyrkjene.[2] Arkeologiske utgravingar har gjort funn som tyder på at det var eit klostersamfunn her på denne tida. Klosteret kan ha blitt øydelagd gjennom vikingherjingar på 900-talet.[1]

Advokaten og diplomaten Adam Otterburn, som var rådgjevar for kong Jakob V av Skottland, budde i Auldhame på 1500-talet. Han bygde truleg Auldhame Castle, som ein kan sjå ruinane av i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Emma Watts-Plumpkin (8. august 2014). «The sacking of Auldhame». Current Archaeology. 
  2. Yeoman, Peter (1999). Pilgrimage in Medieval Scotland. London & Edinburgh: B T Batsford & Historic Scotland.