Aunt Mary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aunt Mary
OpphavFredrikstad i Noreg
Aktiv1970–1973, fleire gjenforeiningar sidan 1978
SjangerProgressiv rock
PlateselskapPolydor

Aunt Mary var eit norsk rockeband frå Fredrikstad som starta i 1969. Bjørn («Krisa») Christiansen på gitar og vokal, Jan Grothorgel og vokal, Svein Gundersenbass og vokal, og Ketil Stensviktrommer utgjorde kjernen i bandet. Andre musikarar som var innom var Per Ivar Furefløyte, munnspel og saksofon og Bengt Jenssenkeyboard.

Den bluesbaserte, progressive rockemusikken til bandet vart gjeve ut i fleire land i Europa og singelen «Jimi, Janis And Brian» vart i 1971 det kommersielle gjennombrotet til bandet. Songen hylla dei avdøde heltane Jimi Hendrix, Janis Joplin og Brian Jones. Per Ivar Fure slutta i bandet før det albumet Loaded og det same gjorde Groth for å satse på ein karriere som kristenpopartist. Bengt Jenssen (keyboards) kom inn i bandet, medan Christiansen og Gundersen frå no av delte på vokalen. Både Loaded og oppfølgjaren Janus (1973) selde bra i Noreg, men Aunt Mary vart likevel oppløyst i 1973.

Gundersen har sidan hatt suksess som låtskrivar, produsent og filmkomponist. Christiansen har laga soloplater og spelt med mellom anna Alex og New Jordal Swingers. Aunt Mary har med ujamne mellomrom heldt konserter sidan 1978, og i 1992 gav Groth, Christiansen, Gundersen og Stensvik ut bluesalbumet Bluesprints. 28. januar 2011 spelte bandet på Verdensspeilet i Fredrikstad 28. januar 2011.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]