Aure kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aure kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1576
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Aure
Areal 511 km²
Folkemengd 3 570 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Ingunn Oldervik Golmen (Sp)
Målform Nøytral
Nettstad www.aure.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1576.svg
Aure kommune på Commons

Aure er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som frå 1. januar 2006 inkluderer den tidlegare Tustna kommune. Aure kommune grensar til Hemne kommune og Hitra kokmmune i Sør-Trøndelag i aust, Kristiansund kommune (Frei) i vest og Tingvoll kommune og Halsa kommune i sør, medan Smøla kommune ligg i nordvest, rett nordom Edøyfjorden.

Folk som kjem frå sjølve Aure, inkludert Ertvågsøya blir kalla aurgjeldingar og målføret deira aurgjelding. Folket som kjem frå tidlegare Stemshaug kommune blir kalla stemshaugingar, og dei snakkar ei undergruppe av aurgjelding som blir kalla stemshauging når ein vil vera ekstra presis. Folk frå den tidlegare Tustna kommune blir kalla tustningar og dialekten der blir kalla tustning.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Øyar og holmar[endre | endre wikiteksten]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Vatn og tjørner[endre | endre wikiteksten]

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har eit rikt planteliv og etter det ein kjenner til, så har Aure verdsnordgrense for 3 karplanteartar, nemleg, blankburkne, knortestorr og kystmaigull. Av raudlista artar i kommunen kjenner ein til 8 artar; alm (NT),blankstorkenebb (NT), brudespore (NT), engmarihand (NT), fjellnøkleblom (NT), kvit skogfrue (NT), kystengkall (VU) og marinøkkel (NT). Som ein ser er alle dei raudlista karplantane i Aure raudlista som "nær truga" (NT), sett bort frå kystengkall. Den siste er raudlista som sårbar (VU).

Kjelder og heimelsfolk[endre | endre wikiteksten]

Kålås, J. A., Viken, Å. og Bakken, T. (red) 2006. Norsk rødliste 2006 - 2006 Norwegian Red List. Artsdatabanken, Norway.

Finn Oldervik, Mjosundet

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Fugl[endre | endre wikiteksten]

Aure kommune ligg i eit område med mykje ørn, både havørn og kongeørn. Båe artane hekkar i området, og inntil kommunesamanslåinga med Tustna kommune 1. januar 2006 var kommunevåpenet til Aure to ørnehovud som ser kvar sin veg. Aure kommune har både fjordar og sjøområde i tillegg til fjell og skog. Dette gjer at det er eit svært variert fugleliv i kommunen. Frå storfugl og rype i fjellet til tjeld, måse og ærfugl ved kysten. I tillegg kan nemnast at ein i Aure kan finna alle dei sju hakkespettartane i Noreg hekkande i kommunen, nemleg; Flaggspett, kvitryggspett, dvergspett, tretåspett, gråspett, grønspett og svartspett. Kva gjeld fugl, så er likevel Mellandsvågen og Livsneset på Skardsøya det mest interessante fugleområdet i Aure. Dette er eit såkalla ramsarområde, og fleire sjeldne og raudlista fugleartar overvintrar der.

Hjortedyr[endre | endre wikiteksten]

I Aure kommune er det store stammar med både rådyr og hjort i tillegg til at det finst ein veksande stamme med elg. Aure har lenge vore ein av dei største hjortekommunane i Noreg. Tidleg på våren og sommaren kan ein sjå mykje hjort beitande langs vegane. Det er ikkje uvanleg å sjå flokkar på fleire titals dyr.

Rovdyr[endre | endre wikiteksten]

Gaupe er det største bufaste rovdyret i Aure. Det har vore observert bjørn i kommunen, men dette er ikkje eit dyr som har fast tilhald der. Raudreven har også fast tilhald i Aure og kan synast å ha auka i antal dei siste åra, etter å ha vore på eit lågmål ei tid grunna reveskabb.

Elles finst det òg dyr som:

Andre pattedyr[endre | endre wikiteksten]

Piggsvin var tidlegare ein vanleg dyreart i Aure, men kom meir eller mindre bort i løpet av 1960-talet, uvisst av kva grunn. I dag kjenner ein ikkje til at arten finst nokon stad i kommunen. Bever oppheld seg nokre få år på 1980-talet i Todalen i Aure. Truleg har arten vore vanlegare i gamal tid, då gardsnamnet Bjøringen i Aursundet er rekna å vera utleidd av bever. Sjå Todal (1963).

Av andre pattedyr kan nemnast:


Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kommunesamanslåing[endre | endre wikiteksten]

Tustna og Aure kommunar vart samanslegne den 1. januar 2006. Den nye kommunen ber namnet Aure, og kommunevåpenet byggjer på Tustna sitt kommunevåpen med den endringa at klippfisken skal vera i sølv (kvitt) i staden for tidlegare gull (gult). (sjå [1])

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Aure kommune frå 1875:

1900[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6][7] 1.1.1961[5][6][6] 1.1.1971[5][6] 1.1.1981[5][6] 1.1.1991[5][6] 1.1.2001[5][6] 1.1.2010[8]
4739ab 4813ab 4988ab 5017ab 4949ab 4641ab 4247a 4087 3898 3787 3502

a Dette talet omfattar ikkje eit område på Ertvågøya som var del av gamle Valsøyfjord kommune fram til kommunesamanslåinga i 1965, då det vart overført til Aure kommune. Dette området hadde då 141 innbyggjarar.
b Dette talet omfattar skulekrinsen Innlandet, som var del av Aure kommune fram til 1976, då det vart overført til Halsa kommune. Dette området hadde då 158 innbyggjarar.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var det berre ferjesamband til Ertvågsøya, men frå 1995 har det vore vegsamband via Riksveg 680 til Ertvågsøya over Aursundbrua, Smalsundbrua og Mjosundbrua.

Kjendte aurgjeldingar[endre | endre wikiteksten]

Sjå Aurgjeldingar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Asbjørn Barlaup, Anna Lovisa Melland og Anders S. Todal, Tu Aurgjelda 1998, Årbok for Aure Historielag, Aure Historielag, 1998.
  • Per Eilert Orten, Den nye dagen gryr, Bygdabok for Aure 1800 - 1900, Aure kommune, 2000.
  • Anne Marie Stavles, Reidar Lie, Kristian Engdal og Daniel Dyrnes, Minneskrift for Aure og Stemshaug, Krigsåra 1940 - 1945, Frigjeringskomiteen i Aure og Aure Historielag, 1995.
  • Den offisielle heimesida til Aure kommune
  • Nettkamera i Aure
  • KommuneFakta - Møre og Romsdal, Ststistisk Sentralbyrå. (Lenja 23/9-2007)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Folkemengd i Aure 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Tustna 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. Folkemengd i Stemshaug 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  8. Folkemengd i Aure 1. januar kvart år frå 2006, frå Statistisk sentralbyrå