Aurelianus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aurelianus
AurelianIntaglio.png
Romersk keisar
Regjeringstid 270-275
Føregjengar Quintillus
Etterfølgjar Marcus Claudius Tacitus

Lucius Domitius Aurelianus (9. september 214275), kjend som Aurelian eller Aurelianus, var romersk keisar frå 270 til han blei drepen i september eller oktober 275.

Aurelianus var fødd nær Sirmium i Moesia, noverande Sremska Mitrovica i Serbia. Han gjekk gradene som soldat i romarheren og blei utropt til keisar av troppane i Sirmium.

I eit rike truga av «barbarar» og naborike organiserte han effektivt forsvar og slo alemannarar, gotarar og markomannarar før han erobra Palmyra under Zenobia. Han reiste aurelianmuren til vern av Roma; delar av denne står framleis.

Keisaren innførte Sol Invictus som ein viktig gud på linje med dei andre romerske hovudgudane. Han fekk reist eit strålande tempel til guden som han dekorerte med skattar tekne frå toktet i Palmyra.

Aurelianus blei drepen av pretorianargarden, som skal ha frykta ugrunna straff, ved Caenophrurium, undervegs på eit felttog mot Persia.

[endre] Kjelder

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk