Aurgjelding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om målføret aurgjelding. For folk frå Aure, sjå Aurgjeldingar.

Aurgjelding (særleg bruka i ubunden form) eller aurgjeldsdialekt (særleg bruka i bunden form) er målføret som vert tala frå Ertvågsøya og austover i Aure kommuneNordmøre og er ein variant av nordmøring. (For dialekten på Tustna sjå tustning.) Målføret varierer noko frå stad til stad. Som mange andre stader i landet er mange gamle ord og uttrykk i ferd med å koma bort. Men framleis er det eit tydeleg skilje mellom den nordaustlege luten Stemshaug og Vinjefjorden og den sørvestlege luten Ertvågsøya. Målføret i Aure sentrum er om lag midt i mellom desse og er det som er mest påverka utanfrå. Skiljet mellom gamle og unge aurgjeldingar er òg tydeleg.

Aurgjeldsdialekten liknar på hemnværing og fosenmåla med desse draga:

  • Adjektiv på -leg endar på -li (tustning: -le)
  • Personlege pronomen har æ-uttale: æ, , (valsøyfjording ɛ, , ; tustning: e, me, de)
  • Nektingsadverbet er oftast itj i Stemshaug (som i Hemne og på Hitra) og varierer mellom ikkje/ittje og itt elles. Tustning og valsøyfjording har normalt berre ikkje.

Aurgjeldsdialekten liknar på andre nordmørsmål med desse draga:

  • Det er monoftongering av ei til ɛ og øy til ö i stavingsinnlyd (hemnværing ɛi, öy). I store delar av området er au diftongert til ʌ i stavingsinnlyd, men dette er meir variabelt gjennomført, og det manglar heilt i nordaust.

Aurgjeldsdialekten liknar på både ytre nordmørsmål (Valsøyfjorden, Smøla, Averøya, Eide, delvis Tustna, Frei og Gjemnes) og hemnværing med at historisk blir uttala som tjukk l.

Døme på aurgjelding[endre | endre wikiteksten]

För e tin va d vanli at fåłk rodd hell jikk nå dæm skuiłł iɲkvaiɲstan. D va dåli væga, så på sommara va d vanli å ro. Mæn på vintra va d manggång at d låg is iɲɲpå fjołå, å da löt dæmm ga. Vesst d va sny jikk dæm på sji, mænn vesst d va bærfråsst löt dæm ga på fotå, å d kunn varra strabasiøst vesst dæm ha stor böł, å d ha dæm myttjigått.

Ordtilfang[endre | endre wikiteksten]

Spesielle bokstavar: ë: mellomting av e og æ, som i ëne (einer), ł: tjukk l, ɲ: nj, som i hoɲɲ (hund), ö: mellomting av a og ø, som i öre (aure)

  • aiłł-bestandi-væg adj. ‘alltid’, bruka i staden for 'ałłvæg' når ein er lei av noko, døme: 'æ hełł på å bi lei tå sa råttja så e ałłbetandivær uttpå vitjen'
  • aiłł-me-sæ adj. 'berre så vidt'
  • aiłłvæg adj. ‘alltid’
  • aiɲɲa subst. 'pusten', døme: 'å dra aiɲɲa'
  • aiɲbłessiɲ adj. 'andpusten'
  • aiɲsan/aiɲsa adj. 'til å ta omsyn til'; mest nytta i nektande form: 'han e ittje aɲsain'
  • ałterert adj. ‘forkava/oppskjørta’
  • aparta adj. 'noko for seg sjølv/uvanleg', frå fransk «à part»
  • arbei prost verb ‘å gjera unyttig arbeid’
  • armast verb 'plundra'
  • atthåł adj. 'bakglatt', om ski
  • attikåmmiɲ/attikåmma adj. 'komen på etterskot', eller 'glømsk'
  • attlysiɲɲa subst. 'grålysinga'
  • attåbak prep. 'attover'
  • attåtsłæfft adj. 'svanger', om krøtter
  • Aur namn 'Aure' (Stemshaug/Aure sentrum)
  • avbakłe adj. ‘trasig/vanskeleg’, døme: 'dæm bodd nå så avbakłe te å'
  • bakels subst. 'vafler'
  • bakelspræstsubst. ‘prest som hovudsakleg rek gardtales for å drikke kaffi og et bakels
  • balber verb 'barbera'
  • baiłł subst. 'ball'
  • baiłłfët subst. 'ballfeitt'
  • bałłstyring 'svanger 'ustyrleg/rebelsk fyr'
  • bałłstyrin adj. 'rebelsk'
  • bełłivołiɲ/bellivoła/bellivołe adj. 'rimeleg', døme: æ skull ha hafft ei bellivola stortrøy
  • bałłstyrin/ballstyra adj. 'vill/oppskjørta'
  • bandiger adj. 'svanger'
  • banått adj. 'svanger'
  • barhane subst. 'kongle'
  • bask subst. 'dyktig kvinnfolk, som får unna arbeidet'
  • bënkłevve adj. 'lett å få til'; ofte nytta i nektande form, døme: 'd va ittje så bënkłevve'
  • besætt adj. 'mykje'/så overlag'
  • bett verb 'strikka', døme: 'ho sett å bett håsså'
  • błankskjærmhuv subst. ‘skipperhuve’
  • błara ør verb uttrykk, døme: 'han blara ittje ør': ingen reaksjon
  • błavåtta subst. 'ullvottar, utan fingrar'
  • błessiɲ adj. 'gra, om småfe', døme: 'bottjen e błessiɲ'
  • błålåppin adj. 'frosen, slik at fingrane blånar'
  • błåsar subst. 'ein som er truande til litt av kvart', døme: 'han e nå mær så en błåsar'
  • błåstae subst. 'tungt føre, på grunn av at det har rægna i nysnø'
  • bokje adj. 'halvrått/halvtört', døme: 'han e sköydd, så hesjån e bokjn inda'
  • bół subst. 1) 'bord' (fjøl), 2) 'bord' (ståve-/kjøkenbord), 3) ‘den vertikale avstanden frå kanten av koppen ned til drykken’
  • bółrævvå subst. 'revne i bord i båt'
  • borti stör å vedje adj. 'aldeles tullete', døme: 'fårsłaje hass va borti stör å vedje'
  • botvon subst. 'von om at noko kan vølast'
  • brók subst. 1) 'bukse', frå gamalnorsk: 'brók', 2) 'kraftig tøystykke under buken på krøttera når dei vart heisa om bord i dampen'
  • brókgrei subst. 'bukseselar'
  • breddame subst. 'attmed', døme: 'han slo mjøtja breddame spaɲɲå'
  • brekkeł adj. 'i vegen for', døme: 'vægarbeie kom e brekkel fær slottonna'
  • breɲɲhætt subst. 'brennesle'
  • brókkjile subst. ‘gylf'
  • bróksjöłv subst. 'det at ein er så redd at ein skjelv i buksa'
  • brutuł subst. 'stor kraftig fyr'
  • bruttulje subst. ‘lite overtenkt handling’, døme: 'han ha vel fårre me ei bruttulje no egæn'
  • brøstveå subst. 'halsbrand'
  • brynstronk subst. 'brynstokk/behaldar for å ha brynet i når ein slo med ljå'
  • bråttagamp/bryttjagamp subst. 'hardbar/hardhendt fyr, som brukar meir krefter enn naudsynt'
  • bunning subst. 'strikketøy'
  • buɲɲingstekk subst. 'strikkepinne'
  • busseronk subst. 'arbeidsjakke, vanlegvis av dongeri'
  • bustinn adj. 'om vêret', døme: 'butinn e vêra'
  • byssjlag subst. 'yttergong, der ein set av seg skorne', døme: 'skonnan står utti bysjlaja'
  • bæłje verb ‘hyla/belja’
  • bøł subst. 'børe', døme: 'han ha stor bøł'
  • bøłtre subst. 'børtre'
  • børnskap subst. 'utstyr', døme: 'du må vel vøł børnskapen för du fer på sjyn'
  • børtɲ verb 'byrte', å skuva opp/ned veiken i lampa, så ho skein passeleg og ikkje osa, døme: 'kan du børtɲ lampå?'
  • bøssmar subst. 'bismar'
  • bækkre subst. 'vêr' (hansau)
  • bæmmeł verb 'å drikka mykje og fort av noko', døme: 'han bæmła ti sæ ei heł mugg me sjör'
  • bæssta subst. 'sting', døme: 'han skull ått dåktra fer å fjærn bæstain'
  • bærsel subst. 'jammer/syting'
  • bætta subst. ‘ëjt storvołe głæfs me oppstabla meddagsmat, helst fłatbrø oppå å puɲɲi, me siłł (hełł fesk) å pottet emyłłå’
  • daiłłriɲ adj. 'i dårleg form'
  • dekkeł subst. ‘lealaus pynt’
  • dekkełdaiłł subst. ‘mildt skejllsord', ofte sagt til ungar
  • deł verb 'sikla'
  • deɲɲe verb ‘å gje nokon juling', døme: 'æ får veł ta å deɲɲgje tråłłpaɲtjen’
  • depił subst. 'rest', døme: 'det e att ën depił tå rørån, mæn antaggli fær lite ått inda ei paiɲɲkak'
  • dérme adj. 'nesten', døme: 'd va derme atn ha rodd-efrå dæm'
  • dessn adj. 'disig' (mest nytta i Stemshaug)
  • dol subst. 'svak lykt'
  • dommering subst. 'ståk/styr'
  • dragsjul subst. 'ein som dreg meg med seg verktøy og andre remediar, men ikkje legg det på plass etterpå'
  • drakster adj. 'plunder', døme: 'd e ëjt drakster me sa kunnå'
  • dra-ti-sæ verb 'hissa seg opp'
  • dræktig adj. 1) 'dræktig ku', 2) 'dræktig båt' (båt me stor lasteevne)
  • drubbin/drubba/drubbe adj. ‘i meste laget’, døme: 'd va drubbe langt'
  • drył verb 'å kasta/sparka/senda iveg'
  • dræve subst. 'kjeften', døme: 'kłappatt dræve!'
  • dråkuɲɲe/dråk subst. 'jente'
  • durabli/durabel adj. 'mykje/til gangs'
  • dussebang adj. ‘i ruskete form’ (til dømes ved forkjøling)
  • dvarsk adj. 'slapp/uopplagt'
  • dyɲɲblöt adj. 'søkkblaut'
  • dæmmeł verb 'fylla ei bøtte i ein gruɲɲ kulp, ved å legga ho forsiktig på sida og/eller bruka bøtta som ause'
  • døkti adj. 1) 'flink', 2) 'rikeleg', døme: 'han la iɲɲå døkti me skrå'
  • é subst. 'ærfugl'
  • e æftas 'i gårkveld'
  • ełing subst. 'byge'
  • ełłei adj. 'opphald mellom bygene'
  • ełt-att verb 'lata det vera litt att, døme: 'ełt att ën par baiłła'
  • ënast-me subst. ‘å verta alvorleg’ (når det går opp for ein at noko er alvorleg)
  • ënkarre subst. ‘einer’
  • esjiɲ/esja/esje adj. 'tam/likar folk', om dyr, døme: 'kåpplamme va esje'
  • ëterpong subst. 'sinnatagg'
  • fahłast verb ‘mislukkast’, døme: 'd fahłast'
  • fałafus adj. 'reisefeber', når ein kvidde seg for å reisa bort, eller er spent på turen
  • fałau adj. 'i god form, og i stand til å fara', døme: 'fresk å fałau'
  • fampin/fampa/fampe adj. 'ufanslig på grunn av mykje klede', døme: 'd e fampe me all sa kłeå'
  • faɲtstræk subst. 'ugagn/prette'
  • faɲtsyl subst. 'ein som gjer fantsreker'
  • faɲtutlægg subst. 'ein måte å legga ut småbåtar på'
  • faɲtått adj. 'om ein som gjer fantstræker'
  • farra nållessn verb 'fara uvettig', døme: 'no må du ikkje farra nallessn'
  • farsk/farskstör subst. 'upåliteleg person'
  • faskstræk subst. 'ugangs-strek', døme: 'dæm joł farkstrækå'
  • farskått adj. 'trollått'
  • fełiɲ subst. 'å verta redd', døme: 'han drog fełin ått sæ'
  • ferána adj. ‘forundra’
  • ferboł verb 'å festa ting, slik at dei ikkje bles bort'
  • fergæłeadj. 'for gale'
  • ferkjila adj. 'forhasta/forkava'
  • ferlekt adj. 'forlikte'
  • ferteraɲɲes adj. 'irriterande'
  • fernønn adj. 'bra', døme: 'd va fernønn atn vart oppjøs'
  • ferstår-sæ verb 'slik er det', døme: 'ja d ferstår sæ'
  • fertvart adj. 'vanskeleg/på tverke/sta', døme: 'd va nå fertvart at kua skułł kalv me vi va på buttittja'
  • fesjiɲ/fesja/fesje adj. 'om redskap som fangar fisk'. døme: 'nydårja va fesja'
  • fët subst. 1) 'feitt', 2) ‘feite i ball
  • fjæłg sæ verb 'å fli seg', døme: 'han fjæłga sæ ått hæłjen'
  • fłatkak subst. 'ei flat kake steikt på omnsplata'
  • fłettjesiłł/fłakksiłł subst. 'flekt sild'
  • fłekkings verb 'lægg te flekkings': 'å legga på sprang'
  • fłite fingarn sin verb 'å jærra dåli arbeid, slik at ein får dårleg rykte'
  • fłöt subst. 'fløyte'
  • fłöt verb 1) 'fort' (frå gamalnorsk «fljot»), døme: 'klokka flöta' (klokka går for fort), 2) 'fløyta' (laga lyd)
  • frakk adj. ‘bra’ (mest nytta i nektande form), døme: 'han va ikkje frakk'
  • frakkar adj. 'betre', døme: 'å ho e nå frakkar nymærra læł'
  • framfusing subst. ‘ein som er om seg og tek seg til rette
  • frammi-di adj. 'hørt det før', døme: 'æ truł æ ha vårre frammi di för'
  • fritt-fersætt adj. ‘å gjera noko, som vert oppfatta som negativt, med vilje’
  • frøsinn/frøsa adj. 'snarsint og i dårlig humør'
  • fråstnavvar subst. 'ein sløv [navar]], nytta for å halda varmen under fiske
  • fråsæfårrinn/fråsæfårra adj. 'forkava'
  • fyrau adj. ‘fyrug/kraftig’
  • fytiɲadj. 'såpass vind at det vart sjørokk'
  • færjekaffe subst. 'traktakaffe som har stått og putra ei god stund, slik at han er beisk'; namnet kjem av at denne type kaffe ofte vart servert på fergjer der det var lite trafikk, slik at kafféen kunne verta gamal før han vart seld
  • færrsæ adj. 'frampå for å skaffa seg fordelar'
  • förvækkå subst. 'forrige veke'
  • førreti tal '40'
  • førstje/førstjeuɲɲe subst. 'jente'
  • fåhe subst. 'problem/hending med uheldig utfall'
  • gabarinkapp subst. 'kappe av gabarin'
  • gaffe subst. 'tåpe/ein som er gaffåt'
  • gaffåt adj. ‘å oppføra seg dumt eller tåpeleg', frå fransk 'faire un gaffe' (gjera noko dumt)
  • gałe subst. 'gjerde'
  • gallurre subst. ‘luring/flåkjeft’
  • gammełsjy subst. 'roligare sjø etter at eit uver har lagt seg'
  • gapått adj. ‘å oppføra seg dumt eller tåpeleg'
  • gapstrækkå subst. ‘ugagnsstreker’
  • gapstör subst. ‘ein som oppfører seg gapåt/tåpeleg’
  • ga-te verb 'å dau', helst bruka om krøtter
  • ga tå sæ skonnaiɲɲ verb 'å satsa for stort (ta seg vatn over hovudet)'
  • gauder subst. ‘luring eller flåkjeft’
  • głaning subst. ‘andlet’, 'døme: midt i głaninga'
  • głeiɲɲ subst. ‘opning i skogen’
  • głir verb ‘å gjær głir tå’ (å driva ap med, men som oftast på tull)
  • głire adj. 'motlys', når ein ser mot sola til dømes
  • głirstör subst. 'ein som gjer glir'
  • głohopp subst. 'anna ord for «flatkak»'
  • glohærsk adj. 'huga på', døme: ho va glohærsk ærre læver å rågn'
  • głor ætte adj. 'huga på', døme: 'ho e alldeles glor ætte færskfesk'
  • głyiɲɲ adj. 'glyinn e auå': å sjå dårlig ut i augo, til dømes når ein er sjuk
  • głæffsinn adj. ‘snarsint og oppfarande’
  • głåm verb ‘å glo', døme: 'han sto nå der å glåma’
  • głåmskåp subst. 'egentleg eit apparat for å sjå på bilete, men i dag bruka om fjernsyn
  • głåpprægn subst. 'kraftig regn'
  • głæfsiɲɲ/głæfsa adj. 'sint og oppfarande'
  • gommeł verb ‘gomla’, døme: 'dæmm satt å gommła å åt'
  • grakse subst. 'bottenfall i levertynna'
  • grei subst. 'seletøy'
  • greichå subst. 'morkake, i samband med krøtter'
  • griniɲ/grina/grinåt adj. ‘sutren/i dårleg humør'
  • grorvåłł/grorhaiłł subst. 'den eigenskapen at sår gror', døme: 'ho har go grorvåłł'
  • gruggłiɲɲ adj. ‘i ruskete form’
  • gröt subst. ‘graut’
  • grötpiɲɲ subst. 'saltmat til graut', døme: 'æ vart så væmmełmaga tå sa gröta, så æ lyt hent litt spittekjøtt te gröypiɲɲ'
  • grønsjettåburus adj. 'skjellsord'
  • gråł adj. 'havesjuk/lyst på', døme; 1) 'gråł ætte pæng', 2) gråł ætte læver å rogn'
  • gråłiɲ/gråła adj. 'ein/ei som er gråł etter noko'
  • göł verb 'syngja, men ikkje så fint', døme: 'dæm göla å sång'
  • gåɲgjarn subst. 'hengsle'
  • gåɲgspærr verb 'gangsperr/stiv i kropp og lemmar; mest i føtene'
  • gårp verb ‘rapa’, døme: 'han va antaggli mætt, fær han satt å gårga'
  • gåttarågn subst. 'overmoden rogn, som ikkje smakar godt lengre'
  • haggułe subst. 'ein spissbur, eller gauder'
  • haiłł på verb 'hella mot ei oppfatning', døme: 'han hałła på di han Pe å'
  • halvvokstring subst. ‘framvokstring/halvvaksen gut’
  • haiɲɲræv subst. 'rekkverk'
  • hałt subst. 'hassel '
  • hałvfjerrømming subst. båt med tre rom, pluss eit smalt midtrom (melå)'
  • halvlottkar subst. 'fiskar med halvlott'
  • hammeł verb 'ro attover'
  • hammełbainn subst. 'band av vier eller hamp som held årene på plass i kjeipane når ein hamlar'
  • hammełrom subst. 'rom der ein sit når ein hamlar'
  • hammeltåft subst. 'tofta ein sit på når ein hamlar'
  • hams sæ verb 'å retta på hår og kleda'
  • haɲɲaleddje subst. 'armar'
  • haɲɲbögarom subst. 'albogarom'
  • haɲɲåhaft adj. 'opprådd/handlingslamma', døme: 'æ vart mæstå haɲɲåhaft tå så okvass høvła'
  • hanskast me adj. 'dragast med'
  • harrnisk adj. 'illsint'
  • hater subst. 'kløe', døme: 'ho va plaga me hater e vingsterfota'
  • hau subst. ‘hovud’
  • haue adj. uttykk, døme: 'd va nå haue å d' (når noko er speielt/uvanleg)
  • haukråk verb 'å stypa haukråk: å rolla saman lekamen til ein ball og rulla seg nedover bakken'
  • haua på adj. 'hå lyst på', døme: 'ho va hauvva på potetkak'
  • hautułłiɲɲ/hautułła adj. 'svimmel'
  • hav subst. 'bøtte-/grytehandtak'
  • havaɲ adj. 'havande', døme: 'd e nå ën havaɲ båt'
  • heiłł subst. 'eller/kva med?'
  • heittgjort verb 'oppvarma' (om mat)
  • hełpå verb 'driva på'
  • hełått verb 'høveleg/til pass', døme: 'd kain bære hełått'
  • heɲt så høvd adj. 'nevenyttig'
  • hæsptre subst. 1) 'hespetre, 2) 'skjellsord om eit rafse kvinnfolk'
  • hevviłł subst. 'høvel'
  • hi/hin/hett pers. pron. ‘den/det andre i ho-/-han/inkjekjønn’
  • hil subst. 'snøre med søkkje og ongel'
  • hil verb 'lata søkkja fara til botnen, for så å dra innatt med jamn fart'
  • holsar subst. ‘stor og/eller ufansleg' (kan nyttast om ein mannsperson eller om ein ting)
  • hoɲɲ subst. 'hund'
  • hoɲgrau adj. ‘svolten/hungrig’
  • huɲɲer tal 100
  • hyjn subst. ‘hjørne’ (mest nytta i Stemshaug)
  • hyłłkak subst. 'anna ord for «flatkak»'
  • hyttj subst. 'klepp 'eit treskaft med ein stålkrok i enden; reiskap for å lempa fik inn i båten'
  • hyv verb 'kast'
  • hørsp subst. 'eit oferdrageli kvinnfålk' (skjellsord)
  • hørsp verb 'dra/trekkja', døme: 'han hørspa på sæ brótja'
  • hök subst. ‘hønsehauk’
  • hök verb 'ropa', døme: 'ka dæm står å höka ætte no da?'
  • höse subst. ‘ein som finn på og gjer mykje rart’
  • høyingvær subst. 'putevar'
  • hæsj/hæch subst. ‘hals’
  • hæks-ti-sæ verb 'eta fort', døme: 'vi har ta åss tija te å hæks ti åss mat för vi bynna å dra gana'
  • hærsk adj. 'harsk'
  • hæstsåvva verb ‘dubba av og småsova’ (slik som hestar ofte gjer)
  • håklakuł subst. 'ankel'
  • håłk subst. 'holke'
  • hållstrar adj. 'fyr som fer med/finn på mykje rart'
  • håntre subst. 'tåpeleg kvinnfolk'
  • hånstör subst. 'tåpeleg fyr'
  • hånåt adj. ‘tåpeleg’
  • håss/håsså subst. 'strømpe/stømper'
  • håssåbaɲɲ subst. 'strømpeband'
  • håssålæstå adj. 'utan sko/tøfler', døme: 'ho jikk e håssålæstå'
  • håssåsig subst. ‘strømpesig’
  • iggełpåłe/iggełpave subst. 'ein som iglar seg innpå andre'
  • illhört adj. 'tunghøyrd'
  • illhaua adj. 'motvillig'
  • illtåłau adj. 'hardfør/tåler mykje ilt utan å klaga'
  • ijnhål adj. 1) 'open innvendig', 2) 'svolten'
  • jammerdałł subst. 'sytkopp/ein som klagar og jamrar seg'
  • jarp subst. 'talatrengt person'
  • jessviɲt adj. 'lettvint'
  • jep subst. 'grimase', døme: 'han skjær jepå'
  • jester subst. 'jær'
  • jiggliɲɲ adj. 'litt skavel på sjøen (bår-jiggeł)'
  • jiggelværsk subst. 'ustødige saker'
  • joł adj. ‘moden', om frukt og bær
  • jurhåłłar subst. 'brysthaldar'
  • jyn verb å glo, døme: 'han står å jyne'
  • jærsæ adj. 'høver bra', døme: 'd jær sæ me na fargå der'
  • jøł verb 'gjorda', døme: 'jøł lasset'
  • kaffersłag? subst. ‘kva for noko?’
  • kakknaå/kakknøå subst. 'brøddeig'
  • kaillsnitiɲ/kaillvołiɲg adj. 'kald trekk'
  • kanalje subst. 'skøyer'
  • kanneflast verb ‘småsloss’
  • kanøffel subst. 'skøyer'
  • karrakłëɲ adj. 'øksn', om kvinnfålk
  • karrarkaiłł subst. 'den fyrste mannen frå ein annan gard som kom inn i stova etter at kvinnfolka hadde teke til å kara ull etter nyttår vart karrarkaiłł til ho som sat og kara'; han skulle då ha ei lita gåve, som til dømes stræmpeband
  • karravołiɲ adj. ‘kry’, døme: 'han va bra karravolinn'
  • kattskałłe subst. 'tåsk/tomsing', bruka som skjellsord
  • kattvask subst. 'snøgg/slurvut vasking'
  • kaułɲa verb 'vorten kald', døme: 'no ha vel kaffen kaułna?'
  • kaviɲ/kava adj. forkava'
  • kjeiłł subst. 'jente/kvinne'
  • kaviɲ adj. 'ansam/oppkava'
  • kjeiɲspak adj. 'lettkjenneleg'
  • kjetta verb 'å kila nokon'
  • kjettin/kjetta adj. 'kilen'
  • kjiɲtaskå subst. 'kusma'
  • kjift adj. 'skummelt'
  • kjon verb 'fora', døme: 'dæm kjona krøttera me silo'
  • kjyɲɲau adj. 'uvanleg kjælen', helst nytta om ungar, døme: 'ho e bra kjyɲɲau'
  • kjöłt subst. 'kulde'
  • kjørstjiɲ/kjørstja/kjørstje adj. 1) 'treig/tverr/vrang person', 2) 'rar smak i munnen', døme: 'æ vart kjørstiɲ e munna tå sa hæggbern
  • kjettiɲ/kjetta/kjettau adj. 'kilen'
  • kłakk subst. 'fiskeplass'
  • kjøłe adj. 'mykje', døme 1) 'd e kjøłe heitt', 2) 'kjøłe te greiå'
  • kłatter-bort verb] 'sløsa bort', døme: 'han klattra-bort pængan sin'
  • kledja verb 'klå'
  • klægg subst. 1) 'klegg' (insekt), 2) 'sagt på tull til ein kjynnau unge'
  • kłeɲhet subst. 'sjukdom'
  • kłeɲɲiɲ/kłeɲɲa/kłɲɲe adj. 'utilbørleg venskapleg'
  • kłure subst. 'ein fyr som fer med mykje rart', døme: 'han e nå ën kure'
  • kłæks subst. 'klyse', døme: 'spøttkłæks'
  • kłåpp subst. 'lita bru', døme: 1) 'låvkłåpp', 2) 'bru over ein bekk i marka'
  • kłårsjytt adj. 'god sikt nedover i sjøen'
  • kłåvvå subst. 'kløft', døme: 'd va ei stor kłåvvå ni bærja'
  • knyp subst. 'nype'
  • kóp verb] døme: 'han står nå der å kopa'
  • kotiɲ adj. 'stappmett'
  • krafskjærring subst. 'kjerring som tok i mot ungar når det vanskeleg/uråd å få tak i jordmor
  • krest-tu-sæ verb] 'å sleppa or seg noko (muntleg)', døme: 'han kresta tu sæ at lænsmainn va ën otaɲɲe'
  • krusægg subst. 'egg av poselen for å legga i [[verpekasse]n til hønene, for at dei skulle verpa betre'
  • krute gått verb] 'oveleg bra', døme: 'd va krute gått sakt'
  • kryshit subst. 'ein som er stolt utan grund' (meir nedsettande enn «karravołinn»)
  • krægdå subst. 'meslingar'
  • kråppklën adj. 'sjaber og ilt i kroppen', døme: 'æ vart alldeles kråppklën'
  • kułłt verb] 'skrøna, men mindre alvorleg enn å lyga'
  • kułłtmakar subst. 'skrønmakar/ein som snakker romsleg'
  • kunnaiɲ subst. fleirtal av ku, i staden for 'kjyrn'
  • kuriɲ adj. 'i pjuskut form'
  • kusjitrus/kurus subst. 'kuruke'
  • kvil dulin verb] 'kvila middag'
  • kvitsømmer subst. 'hvitsymre'
  • kvæssti verb] 'heva stemmen kraftig', døme: 'han kvæsstti skikkeli åttnå'
  • kåbbkłys subst. 'manet'
  • kålsvært subst. 'svarttrost'
  • kåłłkårra verb 'velta'
  • kåłtiɲ adj. 'om konsistens på fisk'; om ein tinar frosenfisk i varmvatn vert han kåłtin
  • kånnå subst. 'kona'. døme: 'han ha me sæ kånnå'
  • kårrabi subst.kålrabi
  • langlætt adj. 'lang i fjeset'
  • langsåmmt adj. 'kjedeleg'
  • laiɲɲviɲ subst. 'søraustleg vind'
  • lappe subst. 'frosk'
  • larve adj. 'vanskeleg/dårleg stellt', døme: 1) 'd va larve å få te', 2) 'd va bære larve mennå e går'
  • larvsjur subst. 'lurvut kvinnfolk, eller ei som slurvar med arbeidet'
  • lët/lëte subst. 'tidspunkt', døme: 1) 'kallas lët kjæm du?, 2) 'd va e meddagslëta'
  • ligga-ti-d verb] 'å ha det andsamt'
  • lisel subst. 'likeglad'
  • likæns adj. 'like'
  • links ti verb] 'rista i', døme: 'no må du oppfør dæ, hełł så ska æ kåm å links ti dæ'
  • lortpank subst. 'ein som har det med å skitna seg til'
  • loktn subst. ‘oppe i lufta’ (berre nytta i bestemt form: 'oppi loktn')
  • lommert adj. 'varmt og fuktig vêr'
  • lortporsk subst. 'ureinsleg kvinnfolk'
  • lygarstör subst. 'ein som lyg'
  • löparkjærring subst. 'kjerring som rek gardimellom og slarvar'
  • lörv subst. 'fille'
  • lörvått adj. 'fillut'
  • lösrepa adj. 'utan å bæra med seg noko'
  • løin skår adj. 'ujamn skår etter ljåslått'; då hadde slåttakaren «skjemt seg ut»
  • læggvatn subst. 'vatn, eller anna væske, for å få håret til å legga seg'
  • læmster adj. 'støl i kroppen'
  • lætt adj. 'farge', døme: 'kallas lætt e d på kvigåɲ'
  • låppkasse subst. 'seng'
  • lårmærrå adj. 'gangspærr/krampe i låra'
  • malabarisk adj. 'ein/ei som det ikkje nyttar å snakka fornuft til'
  • małur subst. 'briflabb'
  • marroder adj. 'utsliten/i dårleg form'
  • masjon subst. 'konfirmasjon'
  • masjonskammerat subst. 'nokon som gjekk for presten samstunde'
  • matvaiɲ adj. 'ein som ikkje likar all slags mat'
  • megałłe subst. 'mellomgolv'
  • meiɲ-sæ verb] 'blanda seg jamt og få rett tjukkleik og konsistens', når ein lagar mat til dømes
  • mełbakka subst. 'marbakke'
  • melå subst. 'midtrommet (smalt) i ein færing; ikkje alle færingar har eit slikt midtrom, men geitbåtane - som er vanlege i Aure - har det
  • menasjeri subst. 'utstyr', døem: 'd e frøkteli te menasjeri du har me dæ'
  • messabrent adj. 'svidd', døme: 'kakå vart messabrent'
  • moiɲ adj. ‘om vẽret, når det ser ut for at det skal verta ruskevêr'
  • moł verb 'å arbeida hardt', døme: 'han moła å breidd mökk'
  • moł subst. 'bråk'
  • mołjærri adj. 'arbeidssam'
  • mołskog subst. 'tettvaksen/uframkommleg skog'
  • mułbaɲɲ subst. 'snøre på sekk'
  • murrull subst. 'morild'
  • myhaɲtje subst. 'mygghank'
  • myrułłkjærring subst. 'teårskåmma grå-/kvithåra kjærring'; i samband med bilkjøring tilsvarande hattkaill
  • myttigått adj. ‘vanlegvis’
  • møssmör subst. 'myssmør'
  • möddje subst.torsk
  • möł verb 'maula', døme: 'han satt å möla pålægg'
  • möttaråkkå subst. 'ei fjøl med langt skaft, nytta for å skubba bort møkka attom krøtera'
  • møsså subst. 'myse'
  • møssådaiłł subst. 1) 'dall for myse', 2) skjellsord
  • måddje subst. 'torsk' (Stemsugen)
  • måłt subst.molte
  • månjøsst adj. 1) 'måneskinn', 2) 'oppstyr', døme: 'finn'en på d så ska d nå bi månjøsst łæł'
  • mått subst. 'møll', som gjer skade på klede, møblar og vekster
  • måttetiɲ/måtteta/måttete adj. 'skadd av mæll', døme: seɲɲa va måtteta'
  • måttkułå subst. 'møllkuler',
  • na pron. ‘denne’
  • nater adj. 'arbeidssam og uthaldane'
  • nau adj. 'nok', døme: 'd e nau no'
  • nausje/nösje adj. 'i snauaste laget’
  • neafærre adj. 'lei seg/nedstemt'
  • nebboł subst. 'nedbør'
  • nittje subst. 'feitthinne kring innvollane, som ein tek vare på når ein slaktar'
  • nittjefët subst. 'nittje nytta som baiłłfët'
  • nons subst. 'ettermiddagsmåltid' (omlag kl. fem)
  • nuggeł subst. 'bottenpropp i båt'
  • nuggełhåł subst. 'hol i botnen på båt, for å tappa ut sjø og regnvatn'
  • nuven subst. 'å ta nven tå: slita ut, setta i beit', døme: 'han tok mæstå nuven tånnå'
  • næggeł subst. 'nagle'
  • næppełt/næppłe adj. 'i snauaste laget’
  • nætau adj. 'sparsom'
  • nætt subst.nøtt
  • nötasam/nötasamt adj. 'dyktig/arbeidssam'
  • nötau adj. 'nøysam'
  • nøing subst. 'nok', ‘ta nøing: byrja å hjelpa’, døme: 'ho leksa opp færrnå tess ho tøkkt d byɲt å ta nøing'
  • nåjn pron. 'nokon'
  • nållessn adj. 'noko til', døme: 'nållessn te finver'
  • nå-så-nere adj. 'omtrentleg'
  • oansjitt adv. 'uansett'
  • obenau adj. 'vanskeleg å be'
  • obsternasi adj. 'stridsam/sjølvrådig'
  • obysræv subst. 'ugangkråke'
  • ofannsli adj. 'tunvindt/uhanterleg'
  • oferlekt adj. 'uvener'
  • ofullfat subst. 'storetar/ein som aldrig vert mett'
  • oframt adj. 'i tillegg til'
  • ofysiɲ/ofysa/ofyse adj. 'ufyseleg', døme: 'han va ofysinn utpå vitjen e dag'
  • ohaua adj. 'ikkje lyst til'
  • ohæpp sæ verb 'skada seg'
  • ohårveli adj. ‘ovleg’
  • subst.ord
  • ołstekk subst. 'selepinne'
  • omsałös verb 'ubekymra'
  • omsnakkaɲ adj. mest nytta i nektande form: 'ikkje omsnakkan' (ikkje til å tala om), døme: 'd va słekt spetakkel at d e ittje omsnakkaɲ'
  • om-sæ adj. 'frampå for å skaffa seg fordelar'
  • ongdiger adj. 'svanger'
  • oppfar subst. 'oppflått: krusningar på sjøeoverflata når silda står i overflata'; var eit teikn på at det var bra med sild
  • oppi d adj. 'ivrig/oppskaka'
  • oppjøs adj. 1) ‘opphaldsver’ 2) ‘oppglødd’ (om ein person), døme: 'han vart oppjøs dun fekk hør d'
  • oppskjørta adj. 'forkava’
  • oppstaɲɲar subst. 'påle/staur/stolpe'
  • oppsternasi adj. 'opprørsk', døme: 'sa halvvokstringan kan varre litt oppsternasi sommti'
  • orelin/orela/orele adj. ‘trasig’, ‘vanskeleg’, døme: 'd va ën orełin setervæg'
  • osjøttsam adj. 'uforsiktig'
  • oskaffna subst. 'dårleg oppførsel'
  • ostijn adj. ’om konistens på kokapotet, når poteten ryr sund som ost'
  • otaiɲɲe subst. 'ugangskråke'
  • oti subst. 'lite høveleg tidspunkt', døme: 'd va nå ei oti å staɲ-opp på'
  • ovøłiɲ adj. 'uforsiktig/uryddig', om ein person
  • ovætt verb 'besvima'
  • oæffiɲ/oæffa/oæffe adj. 'brukbar', døme: 'd va ittje så oæffe ta her'
  • pellar subst. 'tablett', døme: 'hå fekk nå pellara me dåktra'
  • pelker verb 'plukka på noko'
  • pelkerdaiłł subst. 'ein som pelkrar', ofte sagt til ungar som plukkar på ting
  • pjusjin/pjuska/pjuskått adj. 'pjusken'
  • pornuv subst. 'vriompeis'
  • perkarbainn subst. 'gummistrikk/gummipakning for Norgesglas'
  • pessferknytt adj. 'ulideli pissatronengt, men utan muligheit for å letta på trykket'
  • pikpåsse subst. 'spisspose'
  • pinsriå subst. 'ein periode med surt og kaldt vẽr før pinsa'
  • poppelkveɲ subst. 'kvinnfolk som pratat mykje'
  • pork-ottåɲ subst. 'styggtidleg'
  • porsktysk adj. 'uforståelig språk'
  • prakkast verb 'plundra'
  • prekkełarbei subst. ‘vanskeleg finarbeid’
  • pravat subst. 1) 'ugagn', 2) 'ein som gjer ugagn'
  • pravat verb 'gjera pravat'
  • prætt subst. ‘prette, lita ugangsgjerning utført på skjemt’
  • puiɲɲbrók subst. 'underbukse'
  • pæssa verb 'kviskra'
  • pøɲgeł verb 'plundra', døme: 'ho sett å pøɲgła me ei brok ho ska söm-om'
  • pøɲgełarbei subst. 'vanskelig arbeid'
  • pøɲgla-båt subst. 'når ein batt fast ein stein, eller eit utrangert juletre, under ein båt vart han vanskeleg/umuleg å ro; dette var ei populær prette som halvvaksne gutungar fann stor hugnad i'
  • pøɲgłått adj. 'trasig/vanslkelig'
  • pøsj/pøch subst.pølse
  • på hallinn/hallinna adj. 'knapt me tid', døme: 'd va på hałłinn at æ kom mæ me dampen'
  • på hæktn adj. 'berre så vidt', døme: 'd va på hæktn at æ skułł ha vårte fer sen ått færjån'
  • på læsstå adj. 'villstyri'. døme: 'han va ałłdeles på læstå'
  • på rave adj. 'dårleg utført'
  • på rusk adj. 'galen'
  • påłe subst. 'eigenrådig eller litt spesiell mannsperson', døme: 'd e påłe ja'
  • påpanka adj. 'kledd i tjukke tunge klede'
  • pårra verb 1) 'pirka i', døme: 'ongain satt å pårra e matn', 2) 'arbeida utan å få gjort noko særleg', døme: 'han sto nå der å pårra'
  • pårriɲ adj. om konsistens på fiskmat
  • påsmættarsko subst. 'sko som ein berre stikk føterne inn/ned i, som til dømes gamle sko der hekken er bortskåren, eller avskårne støvlar'
  • påssarygg subst. 'å bærra på påssarygg': å bæra nokon på ryggen, som oftast ungar
  • påte subst. 1) 'flått', 2) 'kjynnau (kjælen) unge'
  • påtår subst. 'påfyll'
  • raffsin/raffsa/rafse 1) ‘snarsint’, 2) 'ustabilt vêr', døme: 'han e raffsin me vêra'
  • raiɲheł adj. 'uten opning', døme: 'snyn ligg raiɲheł oppå marskå'
  • rakkeł subst. 'noko vind og bølgjer på sjøen'
  • rakkeł verb 'å gå seg ein tur', døme: 'han e ut å rakkła sæ ën tur'
  • rakkłe adj. ‘ustødig’
  • rakna-me-sæ verb 'vakna/få att medvitet'
  • ravarbei subst. 'dårleg utført arbeid'
  • ravgæłłe adj. 'alldeles feil'
  • ravvadall subst. 'rotkopp'
  • ravvełkałł/ravełłkjærring verb 'kall/kvinnfołk som rablar og snakkar'
  • reɲfåkk subst. 'snøkave'
  • riven-klår verb uttrykk: 'når vinden bles bort skyene'
  • rivjarn adj. ‘arbeidssam’, døme: 'ho e ëjt rivjarn te å arbei'
  • rognbakels subst. 'vafler laga av restar av rogn (frå fisk), blanda med vaffelrøre'
  • rokkeł subst. når det bles litt, døme: 'vindrokkeł'
  • rota adj. ‘oppkava å raffsa' (om kvinnfolk)
  • rote adj. ‘frykteleg’, døme: d va rote ka'n błas'
  • rotinn adj. 1) ‘frykteleg’, døme: 'hainn va rotinn me vẽra uttpå vitjen', 2) 'oppkava å raffsinn' (om mannsperson)
  • ruɲlætt adj. 'rund i fjeset'
  • røł subst. ‘tullprat/svada’
  • røłiɲ adj. 'rotete, om person som snakkar usammanhengande og rotut'
  • røss-e-håłł verb døme: 'mjøkja va så skjæmt at æ røss e håłł'
  • røvvgłæfs subst. 'revsaks'
  • ræmje verb ‘skrika’, døme: 'han ræmja å skrëk'
  • råsså subst. 'vindkast'
  • sa pron. ‘desse’
  • saɲskrå subst. 'lita brun flyndre'
  • sarv subst. ‘skrot’
  • sekdułi/sektułi adj. 'rolig og forsiktig, og kanskje litt gamaldags'
  • sekkełdaiłł subst. 1) 'ein/ei som siklar' (frå munnen), 2) 'ein/ei som siklar etter noko', døme: 'han sekła ætte færsksiłł'
  • seɲɲamat subst. 'barselmat'; mat som sambygdingane kom med, for at barselkona skulle sleppa unna matstellet dei fyrste dagane etter fødselen
  • sikasn adj. 'på sikasn', om nokon som ligg på det siste
  • siladråppe subst. 'nysila mjølk, som enda er varm'
  • sipskrå subst. 'kvinnfolk som lett tek til tårane'
  • sjaber adj. 'dårleg/sjuk'
  • sjellå adv. 'skjeldan'
  • sjisje/schiche adj. 'pinleg', døme: 'brotja mi revna da å klev-åver rettjå; å du d va schiche'
  • sjy subst. 'sjø'
  • sjył subst. 'seterbu'
  • sjyværsk/sjykłên subst. 'sjøsjuk'
  • sjøłåss/sjøłdåkk/sjøłsæ adj. 'for oss/dykk/seg sjølve'
  • sjølpessarbrók subst. 'kvinnfåłkuɲbrók så va åpa e skrava, slik at kjærringan slapp å ha tå sæ brótja nå dæm skull pess; d va vinli nå dæm hełtpå me utarbei, fer me sidt skjørt va d bære å huk sæ ne'
  • sjå-ti verb 'venta med/sjå tida an', døme: 'vi får sjå ti, om en bi likar me vẽra'
  • skabbernakel subst. 'eit magert kvinnfolk, døme: 'ëjt tynnt skabbernakeł'
  • skaffna subst. ‘oppførsel’ (mest nytta i nektande form), døme: 'd va ittje noiɲ skaffna'
  • skafte-grainn pron. 'ingen ting', døme: 'han sa ittje d skafte grainn'
  • skałłe subst. 1) 'skallen på hovudet', 2) 'ein fyr som finn på mykje rart'
  • skamvætt subst. 'vit til å skjemmast', om eit gjekk ut over vanleg folkeskikk
  • skapelon adj. ‘utforming’ (om ein båt til dømes)
  • skavêr subst. 1) 'uvêr', 2) 'om framfusande skjørtvesen (kvindfolk)'
  • skjettikk subst. 'søle'
  • skjettå subst. 'magesjau'
  • skjettåfarrang subst. 'farang med magesjau'
  • skjettårellik subst. 'skjellsord'
  • skjör subst. 1) 'surmjølk', 2) 'umoden kjerne i nøtt, som framleis er kvit'
  • skjømt adj. 'halvmørkt'
  • skjømming subst. 'i halvmørkret om kvelden, når det var for mørkt til å arbeida, men for ljost til å tenna lampa. 'Å hell skjømming': 'å sitja i skjømminga'
  • skołtværn subst. ‘hovudplagg’
  • skomsveitt adj. 'gjennomsveitt'
  • skrythæch subst. 'skrythals'
  • skottrae subst. 'småved og rusk som ligg att i skottet'
  • skoft verb 'skulka', døme: 'han skofta skułinn e går'
  • skoł porskhuse verb 'å skola hovudet i hendene'
  • skón verb 'driva dank', døme: 'han går nå der å skona'
  • skoppe subst. ‘bille’
  • skove subst. 'det som er fastbrendt i gryta'
  • skrangłe adj. 'ristete'. døme: 'd e skrangłe før e dag'
  • skrakkeł verb 'skratt', døme: 'han skrakkła å fłirt'
  • skrangłinn/skrangla adj. 'i dårleg form'
  • skravveldaiłł subst. 'ein som pratar mykje'
  • skravvelkall/skravvelkjærring subst. 'kall/kvinnfolk som pratar i eit sett'
  • skrokkełunne subst. ‘unge som oppfører seg dumt’
  • skrokklått adj. ‘dumm/tåpeleg’
  • skrommeł subst. ‘unyttig skrap’
  • skræpp subst. ‘skreppe/veske
  • skuggreidd adj. 'uredd' (vanlegvis i nektande tyding), døme: 'han va ittje skuggredd' (han var ikkje lett å skrema)
  • skułlerar subst. 'lærar'
  • skvałłer subst. ‘skvalder/tomt/uinterresant og forstyrrande prat’
  • skvappeł subst. 'skvappling av bårer (bårskvappeł)'
  • skvættiɲ/skvætta adj. 'redd/nervøs av seg'
  • sköydd subst. 'skodde'
  • skåkredd/skåksky adj. 'om hest som skvett når han kjem borti skjekerne', døme: 'nymærra va e ørlittegrann skåksky'
  • skållåbøtt subst. 'bøtte med matavfall', ofte grismat
  • skårriɲ fær tongband adj. 'ein som er god til å prata for seg'
  • skvættból subst. 'ein bodgang over ripa, for å hindra at sjøen gjekk inn i båten'
  • sładderhank subst. 'ein som sladrar'
  • słarkskaffna adj. 'slurv'
  • słarskått adj. 'slurvut'
  • słarstje adj. 'slark', i eit hjullager til dømes
  • słëfft/schłëfft adj. ‘glatt’ (mest nytta om glatt barmark), dæme: 'd e słëfft borti sa skjettittja'
  • słokkriɲ/słokkra/slokkre adj. 1) ‘utmagra’, 2) 'tynn/snart tom', døme: 'mjøłsettjen hełł på å bi słokkriɲ'
  • słomsinn/słomsa/słomsåt adj. 'unøyaktig', døme: 'han va ën höse te å arbei, mæn han kunn varra litt słomsåt somti'
  • słukhæłs subst. ‘slukhals/storetar’
  • słuå subst. 'slegel' (for å trøska korn med)
  • słåp subst. ‘langvoksen fyr’, døme: 'ën lang słåp'
  • słævje verb ‘slevja/slafsa’, døme: 'hoinn słævvja å åt'
  • smałła verb ‘bråka’, døme: 'ongainn smałła slik at d va trasi å hør ka ho sa'
  • smełł-oł-ti verb 'å ikkje gi lyd frå seg', døme: 'd smałł ittje oł tinnå'
  • smere adj. 'for søtt', døme: 'd va smere ta her'
  • smötiɲ/smötja adj. 'tilgjord venleg'
  • snarra adj. 'tvinna'
  • snarragaidj subst. 1) tvinna gadd, 2) 'vriompeis'
  • snarrviɲ adj. 'irritabel'
  • snarsnytt adj. 'fort gjort'
  • snavveł subst. 'godteri'
  • snavveł verb 'eta godteri'
  • snavvełdall subst. 'ein som likar å snavla godteri'
  • sneddiɲ/snedda/snedde adj. 'lettvint/høveleg stor', døme: 'ta der va ei snedda vågn'
  • sneppłe/snøppłe adj. 'i minste laget/litt knappt'
  • snortiɲ adj. 'fortinn/sint'
  • sny subst.snø
  • snybom subst. ‘snø som legg seg på overflata av vatn/sjø
  • snytfiłł subst.lommetørkle
  • snördaiłł subst. 'ein som er snørut'
  • snøs subst. 'ein som fer med mykje rart'
  • snåssa verb 'romsterera/snusa på ein nysjerring måte', døme: 'ka du fer å snåssa ætte du?' (ofte sagt til undar, når dei leitar etter noko godt, eller interessant)
  • snåvva verb 'snåve', døme: 'han fer nå å snåvva å dætt'
  • snåvviɲ/snåvva adj. 'ustødig/lett for å detta', døme: 'han ha vårte gammel å snåvviɲ'
  • sołe adj. 'ein som finn på/fer med mykje rart'
  • sołksam adj. 'om klede som er lett å skitna til'
  • sommel-sæ-te verb 'få det gjordt', døme: 'vest han no kunn ha somła sæ te å fått ut gane'
  • somliɲ adj. 'ein som somlar'
  • sos subst.saus
  • spark-kło subst. 'isbrodd'
  • spetje-på verb 'frysa på', døme: 'du ska jærn sjå atn bi så kall atn spetcj på e natt'
  • spir subst. 'problem/oppstyr', døme: 'd bi nå spir'
  • spisskammers subst. 'matbu'
  • spiss ørå subst. 'høyra godt etter, for å få med seg d som vert sagt'
  • staup-kuł/staupeł-ełing subst. 'krafti ełing (byge)' (mest nytta i Stemshaug)
  • speiiłł subst.spegel
  • spisk adj. 'frisk og opplagt'
  • spissbur subst. 'ein som finn på mykje moro'
  • spitte-Pe subst. 'kjøttmeis'
  • spjełing subst. 'tynn og forsiktig fyr'
  • spællfækteri subst. 'spetakkel/lurveleven'
  • spøå subst. 'stong', døme: 'kakspøå'
  • spøtje adj. 'risikabelt'
  • stakkałuɲɲe/stakkał subst. 'gut'
  • stakkfałł subst. 'oppbrett på stakk'
  • stannarlamp subst. 'lampe beregna på å stå på bordet'
  • starviɲ/starva/starve adj. 'starvinn kåst': 'mat som ikkje er god og difor vanskeleg å få i seg', døme: 'd va ën starviɲ kåst'
  • stomp subst. ‘stump’, ‘brød’ (før det er skore opp)
  • stoms adj. 'brått', døme: 'd kom stoms på'
  • stoppliɲ adj. 'stivbeint'
  • storframmuɲ subst. 'vitjing av nokon som sjeldan er innom'
  • storfæmti subst. 1) 'såjærrasviłt te kvinnfålk', 2) 'stor motorsykkel'
  • storhuɲɲer tal '120'
  • storkrøk subst. 'å gjera eit storkrøk': vera svært heldig
  • storkuling subst. 'storm'
  • stormiɲɲesj subst. 'storfolk'
  • stor på makt adj. (idomatisk) ‘nytta når ein vert overraska over noko nokon finn på eller gjer’
  • stortrøy subst. 'dressjakke'
  • strekkatrøy subst. 'kofte
  • stritje verb 'bremsa', døme: 'du lyt stritje to vesst d bynna å ga fær fort'
  • stronk å stratiɲ adj. 'stram og rank'
  • ströp verb 'kvela'
  • stötkuł subst. 'ein kraftig eling (byge)'
  • stuppułł subst. 'ein som er stivbent både e fotå å e hauvva'
  • styraɲ adj. 'ivrig på/etter', døme: 'han va höłt styrainn ætte læver å rågn'
  • styrvåł subst. 'rorpinen'
  • størtkłën adj. 'alvorleg sjuk'
  • suł subst. 'hespe'
  • suł verb 'hespe', døme: 'han sula inn dårja'
  • surskræpp subst. 'surt/sutrete kvinnfolk'
  • svartstiłłå subst. 'blikkstilla'
  • svav verb ‘tala om laust og fast’, døme: 'ka du svava om?'
  • svinstryt subst. 'skjellsord'
  • svøł rangt verb 'å få maten i vrangstrupen'
  • svæggå subst. 'tynn kjepp for å slå med', til dømes for å banka klede'
  • syɲɲost subst. 'ost laga av spreng mjølk'
  • syntjekor adj. 'frå einannan' (om ting), døme: 'du må varra ferskti no så d ittje dætt syntekor'
  • sytkråk subst. 'ei som klagar og jamrar seg'
  • syå subst. 'meslingar'
  • söphau subst. 'tullhau'
  • söttje subst. 'lite lodd for å dra fiskeredskap nedover i sjøen'
  • sørriɲ adj. 'sytåt'
  • sæł fłæsk adj. 'betyr at underkjolen, som er kvit som flesk, er synleg under skjørtkanten'
  • søtjo subst. 'myggliknande insekt, som stikk, og med ein klar summande lyd frå vengjene'
  • sætt-ti verb 'heva stemmen kraftig', døme: 'ho sætt-ti åttnå'
  • sætt-ætte verb 'skjenna/tala til rette'
  • sævje adj. 'sakte', døme: 'd jikk sævje'
  • såmnau adj. 'trøytt'
  • så-nættast adj. 'så vidt'
  • såjærrassviłł adj. ‘utruleg’ (i tydinga overraskande), dæme: 'han e såjerrasviłł ja'
  • såtta/såtta-tå verb 'sladra/spreia rykte'
  • såttabøtt subst. 'sladrehank'
  • ta pron. ‘dette’
  • talch subst. 'puslete fyr'
  • talchått adj. 'ikkje noko særleg tess'
  • tainnvarg subst. 'ein som er stor i kjeften'
  • tamp verb 'å slita', døme 'vi tampa å rodd'
  • tanna verb ‘springa’, døme: 'han tanna å sprang'
  • tarramöddje subst. 'raud-brun torsk'
  • tattagrei subst. 'brysthaldar'
  • taus subst. 'jente (Stemsaug)
  • teboł subst. 'oppstyr', døme: 'd va nåkkå te tebołå'
  • tedragels subst. 'problem/hending med uheldig utfall'
  • teks subst. 'søye'
  • te pærs uttrykk: 'skal overvinnast', døme: 'veskjiå ska te pærs'
  • te vokstraiɲ uttrykk: 'til å veksa i', døme: 'skonnann e e stöst laja, mæn dæm e te vokstrainn'
  • tijort adj. 'svanger'
  • tju tal 20
  • tjuvraidje subst. 'småtjuv'
  • tokkeł verb 'tull', døme: 'no tokła du'
  • tokkłåt/tokkła adj. 'tullut/senil'
  • tokkełdałł subst. 'tułłkałł'
  • tokkełhøn subst. 'tułłkjærring'
  • tokkłåt adj. 'forvirra og utanfor’ (ofte nytta i tyinga senil)
  • toknast verb 'dragast', døme: 'ho toknast me en snarragaidj te kall'
  • tokne subst. 'gjeller' (på fisk)
  • tołslått subst. 'toreslått'
  • tomrëpa adj. 'utan bør'
  • tomtre subst. 'tomme kassar, tønner, o.l.'
  • trebrætting subst. 'ein pengesedel som er så stor at han lyt brettast tre gongar for å få han ned i pengboka'
  • trełe adj. ‘vanskeleg’, døme: 'ta her va trełe å få te'
  • trołłpank subst. 'uskikkeleg fyr'
  • trełast verb 'plundra'
  • trivvlinar adj. 'trivelegare'
  • tryga verb 'gå', døme: 'skulongainn tryga å jikk'
  • trygå subst. 'sko'
  • trynveå subst. 'rennløtje for å ha rundt trynet på grisen, for å få han ut or bingen når han skal slaktast'
  • trynårgel subst.munnspel
  • trøkkert subst. 'dørhandtak'
  • trøy subst. 'jakke'
  • trøy sæ adj. 'underhalda seg'
  • trøå subst. 1) 'fiskarstong', døme: 'bambustrøå', 2) 'pedalar', døme: 'sykkeltrøå'
  • trækkspællhåsså subst. 'ëit resultat tå krafti håssåsig'
  • trångainɲ adj. døme: 'möttjatrångaiɲ'
  • tu adj. ‘or/frå/ut av’)
  • tusje/tucche adj. ‘frykteleg’, døme: d va tusje ja'
  • tufsiɲ/tufsa/tufse adj. ‘forsterkande ord’, døme: 1) d va tuffse ka'n snya, 2) d va ën tufsiɲ fin båt
  • tu-komminn/tu-komma adj. ‘utmagra’
  • tullhau adj. ‘tulling’ (skellsord)
  • tupp subst. ‘tosk’
  • tuv subst. 'tue'
  • tuvvå subst.klut for å vaska golv ol. med’
  • tværpåłe subst. 'sta og vanskeleg fyr'
  • tvårrå subst. 'tvore'
  • tyri subst. 'trasig og vanslege folk'
  • tyttje adj. 'synast'
  • tæg/tæga subst. 'teig'
  • törv subst. 'torv
  • tös subst. 'jente', døme: 'setertös (budeie)'
  • tøłå subst. 'klede og anna som høyrer ein til'
  • tør subst. 'tiur'
  • tørv subst. 'plikt'
  • tå-hëna adj. 'rundare i kantane', døme: 'tå-hëna örjełłing' (aurgjelding som ikkje snakkar skikkeleg aurgjelding lengre)
  • tåłł subst. 'furu'
  • tåłv tal 12
  • tåpe subst. 'tosk'
  • tå-rakkła adj. ‘forvirra og utanfor’ (ofte nytta i tydinga senil)
  • tåsk-skaffna adj. 'dumheit'
  • tåtokła adj. ‘forvirra og utanfor’ (ofte nytta i tyinga senil)
  • tåtulla adj. ‘forvirra og utanfor’ (ofte nytta i tyinga senil)
  • ugga subst. 'finnar, på fisk'
  • uggiɲ/uddiɲ adj. 'føla seg i dårleg form'
  • uiɲɲ-hålt adj. 'is med snø oppå'
  • uɲɲseli adj. 'sjenert'
  • uɲɲsjitt adj. 'sjenert/forsiktig'
  • urriger verb 'ordna/styra med noko, som kanskje fører til litt støy', døme: 'ka du urigere me no?'
  • urrigering subst. 'styr/ståk', døme: 'det va mytty urigering för vi fekk d te'
  • urvin adj. 'trøyt og uopplagt'
  • utjort adj. ‘uflaks’, døme: 'd va nå utjord at æ skułł kåmma fer sent ått færjån'
  • utboł subst. 'skurk'
  • utlée adj. 'så langt uti slekta at ein ikkje reknar det med lengre'
  • utliggaɲ verb 'opprådd', døme: 'han vart mæstå utliggaɲ'
  • utpågang subst. ‘nattleg friarferd på loftet til den utkåra’
  • utpå verb 'å gå utpå', døme: 'd kan varra orele å gå utpå nå låfttråppa knirska'
  • ut-tia adj. 'har gytt', døme: 'silla e ut-tia' (silda har gytt)
  • ut-varrann adj. 'såpass vêr at det går an å vera ute'
  • vabba verb] ‘å gå tungt’, døme: 'hainn gikk å vabba e jupsnya'
  • vabbe adj. 'tungt føre'
  • vabën subst. 'rull festa på ripa, for å dra snøret over'
  • vaddesålekt/vaddelekt adj. ‘var det så likt/slett ikkje’
  • vakkelvołe adj. 'lealaust'
  • vakrom subst. 'vondt i ledda, ofte på grunn av einsidig arbeid'
  • vałe subst. 'varde'
  • vałłiɲ/vałłe adj. tungt føre, døme: 'vałłe før'
  • vanjtarre subst. 'ein som er matvann'
  • varaugt adj. 'drygt å ta av'
  • vassdass subst. ‘WC’
  • vassgås subst. 'vasslilje'
  • vea verb ‘gå i noko som rekk oppetter føtene', døme: 'd va ittje jupar enn at d jikkan å vea'
  • veiłłe subst. 'motet', døme: 'ta veiłe tå'
  • véiɲ adj. ‘vedaktig’ (om konsistens på til dømes kålrabi)
  • vemskåpp subst. 'vims'
  • verrå subst. ‘stygg lukt’
  • vẽrtu verb 'klårne opp'
  • viłłspik subst. 'vill jente'
  • viɲögd adj. 'skjelaugd'
  • væg subst. 'veg'
  • væmmełmaga/væmmłin/væmmła adj. 'uvel i magen/lyst på saltmat'
  • væmmłe adj. 'blautt/ekkelt/kvalmt'
  • vøł verb 'bry seg med', døme: 'd bi veł hełst ittje vøłt'
  • våk subst. 'liten unge'
  • yłłöv tal 11
  • ækser verb 1) 'eksersera' (i militæret) 2) 'i overført tyding om nokon som likar å kommandera og bestemma', døme: 'ho va frøkteli te å ækser ti kałła sin'
  • æłnakka subst. 'almanakk'
  • æppełchin subst. 'appelsin'* ödder subst. 'older'
  • ætte hainn adj. 'etter kvart'
  • Ör namn 'Aure' (Ertvågsøya)
  • öre subst. 'aure'
  • ørfik subst. 'd å verta klypen i øre'
  • örjelling subst. 'aurgjelding'
  • ös/öster subst. 'ause'
  • øksn adj. ‘brunstig’ (om krøtter)
  • øłn adj. 'å halda varmen': 'æ löt slå flotje fær å hell øłn'
  • ømse det. 'ymist'
  • ømse-om det. 'annankvar gong'
  • ørsk subst. 'kvardag'
  • ørstoła subst. 'øyro'
  • åfattåarbei subst. 'arbeid ein gjer innimyllå'
  • åffse subst. 'bråkut framferd', døme: 'han for me ën åffse'
  • åffsiɲ/åffsa adj. 'oppkava', døme: 1) han va åffsinn uttpå vitjen e går', 2) 'han va åffsiɲ dan oppdaga at dæm ha narran'
  • åfyłłfat subst. 'ein som aldrig vert mett'
  • åjø/åjøn subst. 'støy/bråk'
  • åkkår adj. 'unnselig/forsiktig'
  • åł adj. ‘huga på’, døme: 'hainn va ål ætte måłłt'
  • åłder/åłster subst. 'støy/bråk'
  • åłet adj. 'altetande'
  • åłsveitt adj. 'gjennomsveitt'
  • åmaiɲɲa verb 'overmanna/utmanøvrert'
  • ångełvar adj. 'skvetten/lettskremt'
  • årre subst.orre
  • åsynet subst. 'i andletet', døme: 'han fækk sola mett e åsyne'
  • åsynt adj. ‘forundra’
  • åteti tal '80'
  • åthåł subst. 'hol i isen på grunn av at sola skin på han (helst utpå vårparten)'
  • åttdagga subst. 'ei veke'
  • åvelag adj. 'bra', døme: 'd vart nå åvelag te finvêr'
  • åvelagshët subst. 'storbra'
  • åvaboł subst. 'nedbør'
  • åvełt adj. ‘åvelt’, døme: 'hainn låg e åvełt borti sofaa'
  • åverila adj. 'forhasta'
  • åværje subst. 'om ein stokk eller liknande, som vart nytta for å slå eller forsvara seg med', døme 'ho bruka liminn så åværje'

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Barlaup, Asbjørn, Melland, Anna Lovisa og Todal, Anders S., Tu Aurgjelda 1998, Årbok for Aure Historielag, Aure Historielag, 1998.
  • Grip, Olav, Målet i Aure[daud lenkje], Hovedoppgåve, Universitetet i Oslo, 1945?.
  • Jenstad, Tor Erik og Dalen, Arnold, Trønderordboka, Tapir Akademiske Forlag, 2. utg., 2002.
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.