Aurhelle
Aurhelle er eit tynt, hard lag på eller nær overflata av eit jordsmonn. Vanlegvis er det frå eit par millimeter til eit par centimeter tjukt. Det vert som regel danna i eit område med mykje nedbør og råhumus i overflata. Jordsmonntypen som oppstår her er podsol.
Nedbøren renn gjennom råhumuslaget og vaskar ut forskjellige mineral i dei øvste laga av jord. Denne utvaska jorda vert kalla bleikjord. Minerala vert så avsett djupare ned og pressar jorda saman til aurhelle. Aurhelle kan òg oppstå ved at vatn sildrar gjennom jordsmonnet både oppover, nedover og sidevegs. Mineral ein ofte finn i aurhelle er silikat, jern, kalsium og aluminium og fosfor. Ein har funne aurhelle på Mars, og dette kan hjelpe til med å vise at planeten ein gong hadde meir vatn enn i dag.[1] Phoenix's duricrust was later confirmed to be water-based.[2]
Aurhelle stenger vass- og stofftransporten i jroda og er slik sett teikn på uheldige jordbotnsforhold. Lyngheiene i Danmark er eit område der aurhelle typisk oppstår. Her vert fenomentet kalla al.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Aurhelle» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Holy Cow Snow Queen Phoenix». http://www.planetary.org/news/2008/0601_Holy_Cow_Snow_Queen_Phoenix_Landed_on.html. Henta 22. februar 2010.
- ↑ «Phoenix and the Holy Cow». http://apod.nasa.gov/apod/ap081112.html. Henta 22. februar 2010.
- Store norske leksikon, snl.no, «Aurhelle» av Inge Bryhni