Aursjøen

Koordinatar: 62°15′39″N 08°44′50″E / 62.26083°N 8.74722°E / 62.26083; 8.74722
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aursjøen
innsjø
Aursjøen mot vest
Foto: C. Hill, 2012
Land  Noreg
Fylke Innlandet, Møre og Romsdal
Kommunar Lesja, Molde
Høgd over havet 856 moh.
Lengd 30 km
Areal 36,38 km²
Volum 561 millionar km³
Kystlengd1 70,67 km
Koordinatar 62°15′39″N 08°44′50″E / 62.26083°N 8.74722°E / 62.26083; 8.74722
Kart
Aursjøen
62°21′44″N 8°37′43″E / 62.3622°N 8.6285°E / 62.3622; 8.6285
Wikimedia Commons: Aursjøen
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Solnedgang over Aursjøen. Utsikt mot Aursjødammen

Aursjøen er ein regulert innsjø på grensa mellom fylkene Innlandet og Møre og Romsdal. Innsjøen er hovudmagasinet til Aura kraftverk. Med fullt magasin er sjøen 30 km lang og rommar 561 millionar m³ vatn. Før reguleringa i 1953 var det tre innsjøar her, Gautsjøen i sør (851 moh), Grynningen i midten (837,5 moh) og Aursjøen i nord (831 moh). Den høgaste regulerte vasstanden er 856 moh, og den lågaste for Gautsjøen er 843,5 moh, for Grynningen 837,5 moh og for Aursjøen 827,3 moh.

Frå gammal tid har det vore ei ferdselsåre mellom Aursjøen og Grynningen. I 2006 stod Oppland fylkeskommune for utgraving av buplassar frå steinalderen og bronsealderen i dette området.[1]

Kristiansund og Nordmøre Turistforening bygde den første turisthytta si ved Aursjøen i 1893. Hytta vart reist like ved vasskanten og hadde 10 sengeplassar. I 1910-1911 vart ei ny hytte reist høgare opp i terrenget for å møte planane om oppdemming. Aursjøhytta ligg ved anleggsveg, tilgjengeleg med privatbil, og er betjent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sensasjonelt arkeologisk funn». NRK Innlandet. 27. juni 2006. Henta 22. november 2020. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet og Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.