Aurskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aurskog
Land  Noreg
Kart
Aurskog
59°55′36″ N 11°28′5″ E

Aurskog er ein norsk tettstad som ligg i den nordlege delen av Aurskog-Høland kommune. Aurskog var før kommunesamanslåinga i 1966 ein eigen kommune med tettstadane Aurskog, Aursmoen, Finstadbru, Lierfoss, og Korsmo. Tettstadane Aurskog og Aursmoen har i dag meir eller mindre vakse saman, og vert naturleg sett på under eitt.

Aursmoen er handelsområdet, og har i tillegg til to små butikksenter fleire butikkar av ymse slag. I dei seinare åra har mange reagert på at staden, som har om lag 5000 innbyggjarar, har heile tre daglegvarebutikkar.

Aurskog huser golfbanen Aurskog Golfpark som opna i 2005.

Kjende verksemder i bygda er PDC Tangen (prenteverk, læremateriell), Stenquist emballasje og Bakelittfabrikken som produserer øvingsammunisjon.

Kjende personar frå Aurskog[endre | endre wikiteksten]