Aursunden

Koordinatar: 62°37′06″N 11°48′11″E / 62.61833°N 11.80306°E / 62.61833; 11.80306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aursunden
innsjø
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Røros
Høgd over havet 690 moh.
Areal 46,4 km²
Største djupn 60 m
Kystlengd1 102,98 km
Koordinatar 62°37′06″N 11°48′11″E / 62.61833°N 11.80306°E / 62.61833; 11.80306
Kart
Aursunden
62°40′04″N 11°38′41″E / 62.6678°N 11.6448°E / 62.6678; 11.6448
Wikimedia Commons: Aursunden
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Aursunden er ein innsjø i Røros kommune i Trøndelag fylke. Sjøen ligg 690 moh. og har eit areal på 46 km². Innsjøen dannar utgangspunktet for Glomma, og er den 23. største innsjøen i landet. Sjøen er regulert, og har ein kraftstasjon ved utløpet til Glomma ved Kuråsfossen. Kuråsfossen kraftstasjon er eigd og vert drive av Røros E-verk, som er eigd av Røros kommune.

Opphavet til namnet på sjøen er omstridd. Men endinga på ordet, -unden skal ha tilknyting til det engelske ordet pound, som betyr sjø. Eit mogeleg opphav kan vere at før reguleringa så var det mange ører, altså halvøyar som stakk ut i sjøen, derfor aur.

Fiskebestanden i Aursunden er variert, med ein tung overvekt av sik som vart sett ut på byrjinga av 1900-talet. Aure, røye, harr, åbor, lake og blindsild finst òg.

Brekken og Glåmos er dei to største tettstadene rundt sjøen, elles er det ei rekkje grendesamfunn rundt sjøen.

Sjøen har vore trafikkert av transportbåtar, med varierande suksess. «Aursuden III» var den siste på innsjøen som transporterte turistar.

Nord for Aursunden ved Sakrisvolden er den einaste staden i Norden der blomen sibirstjerne veks. Tidlegare har han eksistert rundt heile Aursunden, men på grunn av at denne planta veks i strandsonen, så takla ho ikkje reguleringa av sjøen. Ho var i ferd med å verte heilt borte, men eldsjeler sørgde for at den overlevde.