Aust-Agder tingrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tinghuset i Arendal

Aust-Agder tingrett er ein førsteinstansdomstol under Agder lagdømme. Han ligg i Arendal i Aust-Agder og har eit domssokn som dekker kommunane Grimstad, Arendal, Froland, Åmli, Tvedestrand, Vegårshei, Risør og Gjerstad. Domstolen består av sorenskrivar Anne Gro Aanensen Kleven, fire dommarar og tre dommarfullmektigar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Nedenes heradsrett blei oppretta i 1852, og femna då om tinglagene Øyestad, Austre Moland og Åmli som hadde blitt utskilde frå høvesvis Vestre Nedenes heradsrett, Austre Nedenes heradsrett og Austre Råbyggjelag heradsrett. Domssoknet svarte etter noverande inndeling til: Arendal kommune, unnateke Trefoldighet sokn (den gamle bykjernen) og Flosta sokn; Froland kommune; Herefoss sokn i Birkenes kommune.[1]

I 1935 blei Nedenes domssokn utvida med kjøpstaden Arendal, som fram til då hadde hatt sin eigen byfut.[2] Flosta tilkom i 1962, mens Herefoss gjekk ifrå i 1967, i samband med kommunesamanslåingane. Frå då av omfatta domssoknet dei noverande kommunane Arendal, Froland og Åmli.

I 2002 blei nemninga endra til Nedenes tingrett. I 2004 blei namnet Aust-Agder tingrett samstundes som domssoknet blei utvida til noverande område, då Sand tingrett og Holt tingrett blei nedlagde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]