Asia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aust-Asia)
Gå til: navigering, søk
LocationAsia transparent.png
Samansett satellittbilete av Asia

Asia er verdsdelen med det største folketalet og den største flatevidda, og utgjer brorparten av det eurasiske kontinentet. Han møter Stillehavet i aust og Europa i vest, med ei grense ein ofte dreg gjennom Uralfjella, Kaspiahavet, Kaukasus, Svartehavet, Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane. Ved Suezkanalen grenser Asia til Afrika.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Asia har ein svært lang kulturhistorie. Ein finn mange av verdas eldste sivilisasjonar her, som langs elvene Indus i India, Yangtze i Kina, og Eufrat og Tigris i Mesopotamia. Fleire av desse utvikla tidleg skriftsystem, og difor har fleire land ein mykje lengre nedskriven historie enn land andre stader i verda, til dømes Noreg.

[endre] Religion

Alle dei store verdsreligionane kjem faktisk frå Asia. Hinduismen og buddhismen utvikla seg i India, medan jødedommen, kristendommen og islam blei til i Midtausten. Religionsmangfaldet i verdsdelen er likevel (eller på grunn av dette) stort. Her finst mange sjamanistiske tradisjonar og mindre religionar, som sikhisme og djainisme.

[endre] Sjølvstendige land

[endre] Sentralasia

[endre] Aust-Asia

[endre] Øystatar

[endre] Søraust-Asia

[endre] Sør-Asia

[endre] Vest-Asia

[endre] Uavhengige territorium

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Asia
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk