Aust-Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aust-Europa er ei nemning nytta om den austlege delen av Europa. I somme definisjonar er grensene i større grad definert ut frå kultur og ikkje i så stor grad av geografi. Gjennom tidene, og til ein viss grad den dag i dag, har Aust-Europa skild seg kulturelt, religiøst, økonomisk og historisk ut frå Vest-Europa og andre regionar. Sjølv om nemninga Aust-Europa i stor grad vart definert under den kalde krigen, er ho framleis nytta i dag.[1]

Definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Aust-Europa definert av Dei sameinte nasjonane: ██ Nord-Europa ██ Vest-Europa ██ Aust-Europa ██ Sør-Europa
I følgje medlemmer av Dei sameinte nasjonane si ekspertgruppe på geografiske namn[2]: ██ Aust-Europa, Nord- og Sentral-Asia ██ Austlege Sentral- og Søraust-Europa
CIA World Factbook si inndeling: ██ Aust-Europa ██ Søraust-Europa ██ Transkontinental
Inndeling før 1989 mellom «Vesten» (grått) og «Austblokka» (oransje) oppå dei noverande grensene: Russland (mørk oransje), andre land som høyrte til Sovjetunionen (medium oransje), medlemmer av Warszawapakta (lys oransje) og andre tidlegare kommunistland (lys oransje).

Det finst fleire definisjonar av Aust-Europa i dag, men dei er anten ikkje alltid særleg presise eller altfor generelle. Definisjonane varierer både på tvers av kultur, mellom ekspertar og statsvitarar og har vorte meir og meir upresise.[3]. Ofte vert nemninga forstått som ein region som ligg mellom Sentral-Europa og Uralfjella, eller som dei europeiske landa som tidlegare høyrte til Austblokka.

SN[endre | endre wikiteksten]

Dei sameinte nasjonane sin statistikkdivisjon reknar Aust-Europa som dei følgjande ti landa[4][5]: Kviterussland, Bulgaria, Tsjekkia, Ungarn, Moldova, Polen, Romania, Russland, Slovakia og Ukraina. Inndelinga er slik fordi ho er statistisk nyttig og inneberer ikkje politiske eller andre tilknytingar mellom land og område gjeve av SN[6]. Definisjonen til SN omfattar alle statane som ein gong var under påverknad av Sovjetunionen og var ein del av Warszawapakta, og er ikkje nødvendigvis geografisk korrekt.

Dei sameinte nasjonane si ekspertgruppe for geografiske namn (UNGEGN) vart oppretta for å ta seg av tekniske problem med innanriks standardisering av geografiske namn[2]. Gruppa består av ekspertar frå forskjellige språklege eller geografiske avdelingar som er oppretta ved SN-konferansen for standardisering av geografiske namn.

Andre byrå i Dei sameinte nasjonane (som UNAIDS[7], UNHCR[8], ILO[9] eller UNICEF[10]) definerer regionane på andre måtar.

CIA[endre | endre wikiteksten]

CIA World Factbook[11] skildrar regionar som følgjer:

Geografisk[endre | endre wikiteksten]

Uralfjella er den geografiske grensa lengst aust i Europa. I vest er den kulturelle og religiøse grensa fleire stader overlappande, men har variert gjennom historia, slik at det er vanskeleg å plassere den vestlege grensa til Aust-Europa nøyaktig.

Politisk og kulturelt[endre | endre wikiteksten]

Eit syn på den noverande grensa til Aust-Europa kom til under avsluttinga av den andre verdskrigen. Aust-Europa vart då rekna som alle dei europeiske landa som kom under sovjetisk påverknad og kontroll. Desse landa hadde kommunistregime og nøytrale land vart klassifisert ut i frå deira politiske regime. Den kalde krigen førte til enno ein grunn til å dele Europa inn i to, langs grensene mellom landa i NATO og Warszawapakta

Stundom vert land som er historisk eller kulturelt forskjellige ikkje rekna med i Aust-Europa. Dette omfattar vanlegvis land i Sentral-Europa eller Baltikum, som har ei anna politisk, religiøs, kulturell og økonomisk historie enn deira austlege naboland.

Nyare utvikling[endre | endre wikiteksten]

Etter jernteppet forsvann aust-vest-inndelinga av Europa.[12] Sjølv om denne geopolitiske nemninga framleis er i bruk,[13] vert ei inndeling av Europa i geografiske og kulturelle regionar stadig meir vanleg.[14]

Baltikum[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Baltikum.

Baltikum var sovjetiske republikkar og er i dag medlemsland i EU. I forskjellige definisjonar vert dei anten rekna som ein del av Aust-Europa (ut i frå den tidlegare politiske inndelinga som eit kommunistland) eller Nord-Europa (på grunn av kultur).[15][16]

Andre tidlegare sovjetrepublikkar[endre | endre wikiteksten]

Fire andre tidlegare sovjetrepublikkar vert rekna som ein del av Aust-Europa både politisk og kulturelt.

Sentral-Europa[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Sentral-Europa.

Somme sentraleuropeiske startar var kommunistiske under den kalde krigen og er i dag medlemsland i EU. Dei kan reknast som ein del av Aust-Europa (ut i frå den tidlegare politiske definisjonen som kommunistland) og Sentral-Europa (av økonomiske, historiske, religiøse og kulturelle årsaker).[15][16][17]

Søraust-Europa[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Balkan og Sør-Europa.

Dei fleste av statane i Søraust-Europa høyrte ikkje til Austblokka (bortsett frå Bulgaria, Romania og ei kort stund Albania) sjølv om enkelte av dei var medlem i Cominform. Berre enkelte av dei kan reknast inn i den tidlegare politiske definisjonen av Aust-Europa. På grunn av det kulturelle mangfaldet i regionen er det vanskeleg å knyte dei enkelte landa til dei dei nemnde regionane. Alle desse statane bortsett frå Bulgaria, Romania og vanlegvis Slovenia kan reknast som ein del av Sør-Europe.[18] Dei fleste kan deriomt reknast som ein del av Søraust-Europe, men somme av dei òg i Sentral-Europa eller Aust-Europa[19].

  • Albania Albania høyrer til Søraust-Europa.
  • Bosnia-Hercegovina Bosnia og Hercegovina høyrer til Søraust-Europa.
  • Flag of Bulgaria.svg Bulgaria kan reknast som ein del av Aust-Europa ut i frå den kalde krig-definisjonen, men vert vanlegvis rekna til Søraust-Europa.
  • Kroatia Kroatia kan reknast til Søraust-Europa og Sentral-Europa.
  • Hellas Hellas kan reknast inn i Søraust-[20] og Sør-Europa, men landet dannar ikkje ein del av Aust-Europa verken geopolitisk eller på annan måte.
  • Makedonia Makedonia høyrer til Søraust-Europa.
  • Kosovo Kosovo høyrer til Søraust-Europa.
  • Montenegro Montenegro høyrer til Søraust-Europa.
  • Romania Romania kan reknast til Aust-Europa som tidlegare austblokkland, men vert i dag ofte rekna til Søraust-Europa[21][22]eller Sentral-Europa[23].
  • Flag of Serbia.svg Serbia kan reknast til Søraust-Europa og Sentral-Europa.
  • Flag of Slovenia.svg Slovenia vert vanlegvis rekna til Sentral-Europa[24], men stundom som ein del av Søraust-Europa som tidlegare del av Jugoslavia.

Opphav i antikken og mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kjende inndelinga mellom aust og vest i Europa dukkar opp i Den romerske republikken. Etter kvart som romarane utvida landområda sine, oppstod eit kulturelt og språkleg skilje mellom dei hovudsakleg gresk-talande austlege provinsnae som hadde danna den urbaniserte hellenistiske sivilisasjonen. I vest nytta ein stort sett latinsk. Denne kulturelle og språklege delinga vart seinare forsterka av den politiske aust-vest-delinga av Romarriket.

Delinga mellom aust og vest i seinantikken og mellomalderen vart forsterka av fleire hendingar. Vestromarriket kollapsa og markerte starten på tidleg mellomalder. Austromarriket klarte derimot å halde det gåande og skulle eksistere enno tusen år. Frankarriket oppstod i vest og i lag med det store skisma, som formelt delte austleg og vestleg kristendom, førte dette til større kulturelle og religiøse skilnader mellom det austlege og det vestlege Europa.

Den kalde krigen[endre | endre wikiteksten]

██ Land der eit vestslavisk språk er morsmål ██ Land der eit austslavisk språk er morsmål ██ Land der eit sørslavisk språk er morsmål
Den politiske grensa til Aust-Europa vart i stor grad under den kalde krigen. Jernteppet skilde medlemslanda i Warszawapakta (i raudt) frå dei europeiske medlemslanda i NATO (i blått). Mørkegrått er land som høyrte til Organisasjonen av alliansefrie nasjonar og lysegrått er andre nøytrale land.
Etter at jernteppet forsvann, endra den politiske situasjonen seg og somme av dei tidlegare medlemslanda i Warszawapakta vart medlem av NATO.
██ Noverande medlemmar██ Tiltredande medlemmar██ Lovnad om invitasjon ██ I dialog██ Medlemskap er ikkje eit mål██ Uklåre

Under avsluttingsfasen i den andre verdskrigen skulle framtida til Europa avgjerast av dei allierteJaltakonferansen i 1945 mellom statsministeren i Storbritannia, Winston Churchill, presidenten i USA, Franklin Delano Roosevelt, og statsministeren i Sovjetunionen, Josef Stalin.

I etterkrigstida vart Europa stort sett polarisert mellom to sfærar: den hovudsakleg kapitalistiske Vestblokka og den hovudsakleg kommunistiske Austblokka. Då den kalde krigen kom i gang vart Europa del av jernteppet.

Denne nemninga hadde vorte nytta under den andre verdskrigen av den tyske propagandaminsteren Joseph Goebbels og seinare grev Lutz Schwerin von Krosigk dei siste dagane av krigen og vart popularisert av Winston Churchill, som nytta i den kjende «Sinews of Peace»-talen den 5. mars 1946 ved Westminster College i Fulton i Missouri:

« Frå Stettin i Austersjøen til Trieste Adriahavet har eit jernteppe lagt seg over kontinentet. Bak denne linja ligg alle hovudstadane i gamle statar i Sentral- og Aust-Europa. Warszawa, Berlin, Praha, Wien, Budapest, Beograd, Bucuresti og Sofia; alle desse kjende byane og innbyggjarane rundt dei ligg i det eg må kalle den sovjetiske sfæren og alle er, på ein eller annan måte, ikkje berre utsett for sovjetisk påverknad, men for særs stor, og i somme tilfelle aukande, kontroll frå Moskva.  »

Etter forsvann bruken av nemninga Sentral-Europa. Sjølv om enkelte land offisielt var nøytrale, vart dei klassifisert ut frå det politiske og økonomiske systemet sitt. Denne delinga har definert den populære oppfatninga og forståinga av Aust-Europa og grensene mot Vest-Europa fram til i dag, i lag med ei aukande polarisering i tilhøvet mellom vest og aust.

Austblokka[endre | endre wikiteksten]

Aust-Europa bestod hovudsakleg av alle europeiske land som vart frigjeve og så okkupert av den sovjetiske armeen. Det inkluderte Aust-Tyskland, som bestod av den sovjetiske okkupasjonssonen i Tyskland. Alle landa i Aust-Europa tok til seg kommunistiske styreformer. Landa var offisielt sjølvstendige frå Sovjetunionen, men i praksis var dette sjølvstende, bortsett frå i Jugoslavia, Albania og til ein viss grad Romania, ganske så avgrensa. I enkelte tilfelle var dei lite anna enn klientstatar under Sovjetunionen.

Under press frå Stalin sa desse nasjonane frå seg hjelpemidlar frå Marshallplanen og deltok i staden i Molotovplanen, som seinare utvikla seg til COMECON. Då NATO vart oppretta, vart dei fleste landa i Aust-Europa medlemmar av den motsette Warszawapakta, og danna ei geopolitisk nemning kjend som Austblokka.

  • Jugoslavia (oppretta etter den andre verdskrigen) var ikkje medlem av Warszawapakta. I staden grunnla dei Organisasjonen av alliansefrie nasjonar, ein organisasjon oppretta for å unngå å verte ein del av dei to blokkane. Rørsla var demonstrativt sjølvstendig frå både Sovjetunionen og Vestblokka gjennom det meste av den kalde krigen, og gjorde Jugoslavia og dei andre medlemslanda til meklar innan forretningar og politikk mellom dei to blokkane.
  • Albania braut med Sovjetunionen tidleg i 1960-åra etter den kinesisk-sovjetiske delinga, og støtta i staden Kina. Albania forlet formelt Warszawapakta i september 1968, etter Prahavåren. Då Kina oppretta diplomatiske forhold med USA i 1978, braut Albania med Kina òg. Albania og særleg Jugoslavia vart ikkje einstemmig føydd til Austblokka, sidan dei var nøytrale gjennom det meste av den kalde krigen.

Sidan 1989[endre | endre wikiteksten]

Då jernteppet fall i 1989 endra det politiske landskapet seg i Austblokka og resten av verda. Aust-Tyskland og Vest-Tyskland vart på fredeleg vis samla i 1990. COMECON og Warszawapakta vart oppløyst og i 1991 braut Sovjetunionen saman.

Mange europeiske nasjonar som hadde vore ein del av Sovjetunionen fekk sjølvstende sitt tilbake (Latvia, Litauen, Estland, Ukraina, Kviterussland).

Tsjekkoslovakia vart på fredleg vis delt inn i Tsjekkia og Slovakia i 1993.

Jugoslavia fall saman, og dei nye nasjonane Slovenia, Kroatia, Bosnia og Hercegovina, Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ) og Makedonia vart oppretta. FRJ fekk seinare namnet Serbia og Montenegro, og i 2006 vart desse to landa fråskilde. Kosovo braut med Serbia i 2008.

Mange land i denne regionen har vorte medlem av Den europeiske unionen, nemleg Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Litauen, Polen, Slovakia, Slovenia, Bulgaria og Romania. Tre andre land, Kroatia, Makedonia og Tyrkia forhandlar for tida om medlemskap.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Q&A: US missile defence BBC
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 United Nations Statistics Division - Geografiske namn og informasjonssystem
  3. Drake, Miriam A. (2005) Encyclopedia of Library and Information Science, CRC Press
  4. United Nations Statistics Division- Standard Country and Area Codes Classifications (M49)
  5. World Population Prospects Population Database
  6. United Nations Statistics Division- Standard Country and Area Codes Classifications (M49)
  7. http://www.unaids.org/en/CountryResponses/Regions/NAmerica_WCEurope.asp
  8. http://www.unhcr.org/country/all.html
  9. http://www.ilo.org/global/Regions/Europe/lang--en/index.htm
  10. http://www.unicef.org/infobycountry/ceecis.html
  11. The CIA World Factbook
  12. V. Martynov, The End of East-West Division But Not the End of History, UN Chronicle, 2000 (tilgjengeleg på nett
  13. http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/6957171.stm
  14. The European Travel Commission - association of National Tourism Organisations, Regions of Europe
  15. 15,0 15,1 Wallace, W. The Transformation of Western Europe London, Pinter, 1990
  16. 16,0 16,1 Huntington, Samuel The Clash of Civilizations" Simon & Shuster 1996
  17. Johnson, Lonnie Central Europe: Enemies, Neighbours, Friends Oxford University Press, USA, 2001
  18. http://unstats.un.org/unsd/methods/m49/m49regin.htm#europe
  19. Bideleux og Jeffries (1998) A History of Eastern Europe: Crisis and Change
  20. Greek Ministry of Tourism Travel Guide, Generell informasjon
  21. CIA World Factbook
  22. Energy Statistics for the U.S. Government
  23. NATO 2004 - informasjon om inviterte land
  24. The European Travel Commission, association of National Tourism Organisations, Sentral-Europa

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. inkludert Canada
  2. I den geografiske delen er Estland ein del av Aust-Europa, men i den økonomiske delen er det ein del av Sentral-Europa
Regionar i verda

LocationAfrica.png

Afrika

Sentral · Aust · Nord · Sør · Vest

LocationAmericas.png

Amerika

Karibia · Sentral · Latin · Nord · Nordleg · Sør

LocationAsia.png

Asia

Sentral · Aust · Nord · Sør · Søraust

LocationEurope.png

Europa

Sentral · Aust · Nord · Sør · Vest

LocationOceania.png

Oceania

Australasia · Melanesia · Mikronesia · Polynesia

Andre
 

Asia-Stillehavet · Midtausten
 

LocationPolarRegions.png

Polområda

Arktis · Antarktis

LocationOceans.png

Verdshav

Atlanterhavet · Nordishavet · Det indiske havet · Stillehavet · Sørishavet