Aust-Kasakhstan oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Шығыс Қазақстан облысы
Aust-Kasakhstan oblast
Våpen Plassering
Våpenet til Aust-Kasakhstan oblast Plasseringa til Aust-Kasakhstan oblast i Kasakhstan
Koordinatar 50°0′0″N 83°0′0″EKoordinatar: 50°0′0″N 83°0′0″E
Tidssone UTC+6
Administrasjon
Land Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Hovudstad Ust-Kamenogorsk
Akim Zjanibek Karibzjanov
Inndeling
 – Raionar 15
 – Byar 40
Statistikk
Areal [1] 283 300 km²
Folketal 1 442 000 (01/2005)[1]
 - Folketettleik 5 /km²
Anna informasjon
Postnummer 070000
Retningsnummer +7 (722), +7 (723)
Bilnummer F
Nettside http://akimvko.gov.kz/

Aust-Kasakhstan (kasakhisk Шығыс Қазақстан облысы, Sjyghys Kazakstan oblysy) er eit oblast i Kasakhstan og ligg i den austlegaste delen av landet langs begge sider av elva Irtysj og innsjøen Zajsan. Hovudstaden er Ust-Kamenogorsk, som har 320 000 innbyggjarar og sjølve oblastet har om lag 1,4 millionar innbyggjarar.

Oblastet grensar til Russland i nord og nordaust og Folkerepublikken Kina (Xinjiang) i sør og søraust. Det austlegaste punktet i oblastet ligg òg berre om lag 50 km frå det vestlegaste området av Mongolia, men Kasakhstan og Mongolia deler aldri grense sidan ein liten flik av Russland og Kina ligg i mellom.

Området har mange russarar og ukrainarar og i hovudstaden er desse to gruppene til saman fleire enn kasakhstanarane. Oblastet har eit areal på 283 000 km².

Oblastet vart oppretta då dei to oblasta frå tida under Sovjetunionen, det gamle Vostotsjno-Kazakhstanskaja (Aust-Kasakhstan) oblast og Semipalatinsk oblast vart slått saman.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]