Aust-Nusa Tenggara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Aust-Nusa Tenggara markert med grøn farge

Aust-Nusa Tenggara (indonesisk Nusa Tenggara Timur) er ein provins i øystaten Indonesia, i den austlegaste delen av dei små Sundaøyane, medrekna Vest-Timor. Provinsen har eit flatemål på 47 876 km² og eit folketal på om lag 4,7 millionar. Provinshovudstaden Kupang ligg i Vest-Timor. Aust-Nusa Tenggara er den einaste provinsen i Indonesia der romersk-katolisismen er den dominerande religionen.

Provinsen består av ikring 566 øyar, men er dominert av dei tre hovudøyane; Flores, Sumba og Vest-Timor, den vestlege halvparten av øya Timor. Andre større og mindre øyar er Adonara, Alor, Komodo, Lembata, Menipo, Raijua, Rincah, Roti (den sørlegaste øya i heile Indonesia), Savu, Semau og Solor. Høgste fjellet i provinsen er det 2 427 moh høge Mutis i Timor Tengah Selatan-distriktet.[1]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Meto People on Mutis Mountain, Travel Destination Indonesia, arkivert frå originalen 7. juli 2011, henta 3 July 2010 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]