Austen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orienten blir ofte nytta om Asia.

Austen eller Orienten er ei nemning om land som ligg aust for Europa, det vil hovudsakleg seie i Asia. Ein deler Austen opp i Midtausten, eller Nære Austen, og Fjerne Austen, eller Aust-Asia. Nøyaktig kva for land eller område ein meiner med nemninga varierer. Vesten eller Oksidenten kan vera ein motsats til omgrepet.

Namnet «Orienten» har opphav i det latinske ordet oriens, som tyder 'står opp' og viser til soloppgangen i aust. Omgrepet har gjeve opphav til ord som «orientalsk» og «orientalisme».

Nemninga omfattar vanlegvis land som Tyrkia, Kypros, Syria, Libanon, Jordan, Israel, Iran, Irak, Egypt, Saudiarabia, Kuwait, Qatar, Dei sameinte arabiske emirata, Oman, Jemen, Aserbajdsjan, Turkmenistan, Afghanistan, Pakistan, India og delar av Russland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Austen


Kjelder[endre | endre wikiteksten]