Austerriksk schilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Schilling var valutaen i Austerrike fram til han vart erstatta av euroen i 1999.

Valutaen vart først gjeven ut på byrjinga av 1920-talet, men avskaffa då Austerrike vart ein del av Det tredje riket (Tyskland) i 1938. Då Austerrike vart sjølvstendig etter andre verdskrigen vart schillingen teken i bruk att.

30. november 1945 var vekslingskursen mot Reichsmark 1:1, avgrensa til 150 schilling per person. Med den andre schilling-lova i november 1947 vart nye setlar gjevne ut. Der kunne ein òg veksle til seg visse summar i byte mot dei gamle. Først i 1950 stabiliserte schillingen seg.