Austfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Botn av Austfjorden sett frå Djupedalseggane
For fjorden på Svalbard med same namn, sjå Austfjorden på Spitsbergen.

Austfjorden er ei fortsetjing av Fensfjorden i kommunane Masfjorden og Lindås i Hordaland. Han har ei lengd på om lag 20 km og strekkjer seg søraustover. Eidatrædet rett nord for Ostereidet. Frå Ostereidet er det berre litt over 1,5 km over til Osterfjorden på andre sida.

Austfjorden startar mellom Ådnøyni i sør og Kvamsøya i nord. Nord for Kvamsøya går Masfjorden nordover. Austfjorden har ein fjordarm kalla Hindnesfjorden, som går parallelt til Austfjorden, og som igjen har ein fjordarm kalla Dalafjorden.

På nordsida av Austfjorden går det fleire djupe viker nordover. Den første av desse er den 2 km lange Mjangersvågen med Mjanger i botn. Dei to neste er Nordkvingevågen inn til Nordkvingo og Sørekvingevågen inn til Sørkvingo. Mellom desse to vågane ligg neset Melshovden. Litt lenger inn i fjorden ligg Kjekallevågen der det er bygd ei vegfylling og ei bru ytst i vågen langs fylkesveg 374. Vest for Kjekallevågen ligg innløpet til Hindnesfjorden. Frå her strekkjer Austfjorden seg 6 km lenger søraustover, medan Hidnesfjorden går ytterlegare 2 km lenger inn.