Austfjorden på Spitsbergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Austfjorden er den inste delen av Wijdefjorden på nordkysten av SpitsbergenSvalbard. Fjorden er om lag 32 km og 4-6 km brei og startar ved vestsida av Kapp Petermann. Aust for Kapp Petermann går Vestfjorden sørvestover.

Inst i Austfjorden munnar Mittag-Lefflerbreen ut i fjorden. Av dalar på vestsida finn ein Høegdalen og Zeipeldalen, og på austsida Smutsdalen. I tillegg munnar Stubendorffbreen ut i fjorden på austsida. Tryggvebreen er ein annan bre som strekkjer seg nedover mot fjorden.