Austfonna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Austfonna
Type Iskalott
Stad NordaustlandetSvalbard
Koordinatar 79°45′N 24°30′EKoordinatar: 79°45′N 24°30′E
Areal 8 492 km²
Tjukkleik 560 m
Høgaste punkt 783 moh

Austfonna er ei iskappeNordaustlandetSvalbard. Med sine 8 102 km² (8 492 km² including Vegavonna [1]) er han arealmessig den største breen i Europa og den åttande største i verda [1]. Breen har eit volum på 1 900 km³ (utanom Vegafonna) som er det nest største i Europa etter Vatnajökull i Island (om ein ser bort frå den større iskappa SevernyNovaja Zemlja i Russland, som ligg heilt nordaust i Europa) og den sjuande største i verda [2].

Austfonna har ein tjukkleik på opp til 560 meter (235 meter i snitt) og ein omkrins på 200 km. Det høgaste punktet på breen er 783 meter over havet.

Den sørlege tredjedelen av Austfonna vert stundom kalla Sørfonna, som er ei separat iskappe skild frå Austfonna av eit isfylt søkk.[3]

Vegafonna i sørvest heng òg saman med Austfonna, særleg Sørfonna. Ericadalen går mellom dei to breane. Både Sørfonna og Vegafonna dannar eigne kuplar. Like vest for Vegafonna ligg iskappa Glitne, som vert rekna som ein del av Vegafonna.

Vestfonna nordvest på Nordaustlandet er ei heilt eigen iskappe og den tredje største på Svalbard og i Noreg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]