Austgotarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Austgotarane eller osthrogotane er ein av tre gotiske folkegrupper som var aktive i Folkevandringstida. Dei kalla seg og greutungar, og under dette namnet vart dei første gongen nemnd i 369.

Osthrogotane i Skythia[endre | endre wikiteksten]

Osthrogotane skipa eit stort kongedøme i dagens Ukraina, truleg på 200-talet, og vann stort velde der. Dei var ei stormakt å rekne med til hunarane slog dei og la dei under seg i 375, og den siste kongen deira, Ermanarik, tok livet sitt. Frå då av var osthrogotane utan leiar. Mange av dei følgde hunarane til Pannonia der dei vart bandsmenn under kong Attila i lag med alanane. Dette hindra dei ikkje i å gå mot Italia på eiga hand, mellom anna i 405, under hovdingen Rhodogais.

Frå Pannonia til Italia[endre | endre wikiteksten]

I Slaget på dei Katalauniske slettene i 451 slost osthrogotane under kong Attila mot romarane. Etter slaget vart ei gruppe av dei buande i Pannonia, medan kongesonen Theoderik vart send som gissel til Konstantinopel. Etter tjue år i Pannonia reiste denne gruppa til Balkan, og Theoderik vart konge over dei. Han var svært romanisert, og vart attåt konsul i 484. Fire år etter tok han folket med seg til Italia og danna eit kongerike der. Han vart kanna som italiensk konge av Austromarriket i 497. Hovudstaden hans låg i Ravenna.

Kongedømet i Italia[endre | endre wikiteksten]

Austgotarkongedømet i Italia er på mange vis soga om Theoderik den store. Han sat som konge til 526, og vart etterfølgd av Athalarik. I 535 byrja ein lang krig med Konstantinopel, og i åra som følgde fekk kongedømet óg vanskar med frankarane som gjekk inn i Italia frå vest. Frå 450 vart kongedømet meir og meir svekka, men dei greidde å herje Roma to gonger. I 552 laut dei oppgje hovudstaden Ravenna til bysantinarane, førde av Narses, og den siste kongen over dei, Teja, miste livet i Slaget ved Lactariusberget i 552. Dei siste osthrogotane i Italia underkasta seg i 555. Italia vart elles hærteke av langobardane alt i 561.

Kongerekkje[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]