Austgrønlandstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Austgrønlandsstraumen går langs austsida av Grønland.

Austgrønlandstraumen er ein havstraum som fører kaldt vatn med låg salinitet frå Nordishavet og sørover langs austkysten av Grønland. Han er ein av fem store havstraumar som utgjer den subarktiske virvelen, som fører kaldt arktisk vatn ut i Atlanterhavet.

Vatnet har låg saltinnhald (31–34,5 ‰) og låg temperatur (–1,8 til –0 °C). Mykje is følgjer straumen sørover og gjer austkysten av Grønland vanskeleg tilgjengeleg og nær ikkje-busett. Om lag 200 meter ned i straumen finn ein noko varmare vatn med ein temperatur kring 1-2 °C, som kjem frå Atlanterhavet. Dette vatnet strøymer òg sørover.

Austgrønlandstraumen går gjennom Danmarksundet til Kapp Farvel på sørspissen av Grønland, før han snur mot nordvest som Vestgrønlandstraumen langs vestkysten av Grønland.

Vasseigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Austgrønlandstraumen består av tre forskjellige vassmassar. Desse er arktisk vatn, atlantisk vatn og djuphavsvatn. Desse vassmassane kan ein tydeleg sjå gjennom straumen sørover, men dei øvre vasslaga endrar seg noko undervegs på grunn av vekselverknad med atmosfæren og noko innstrøyming frå Norskehavet. Dei øvste 150 metrane av austgrønlangstraumen vert rekna som arktisk vatn og er kaldt og saltfattig. Det låge saltinnhaldet kjem av mykje ferskvatn vert tilført frå smelting av sjøisen, elvar frå Grønland og noko vasstilførsel frå Stillehavet, og er kaldt på grunn av den kalde lufta i Arktis. Typisk er temperaturen mellom 0 °C og –1.7 °C (som er kring frysepunktet for saltfattig sjøvatn). Saltinnhaldet varierer stort frå 30 psu (nær overflata) til 34 psu ved ei djupne på 150 meter. Laget under det arktiske vatnet er vatn frå Atlanterhavet. Det strekkjer seg ned til om lag 1000 meter. Dette lager er relativt varmare og saltare. Temperaturen er normalt over 0 °C og har ein salinitet frå 34 til 35 psu. Dette atlantiske vatnet kjem frå to kjelder. Den første er vatn som strøymer vestover frå Vestspitsbergenstraumen. Denne straumen sender atlanterhavsvatn inn i Framsundet, og fordi det er tyngre enn det arktiske vatnet, søkk det ned til eit mellomdjup. Den andre kjelda kjem frå resiruklert altanterhavsvatn i Arktis. Dette er vatn som har kome inn i Arktis via Nord-Atlanteren og som har sirkulert i Arktisk og no vert pressa ut av Arktis via Austgrønlandstraumen.[1] Laget under det atlantiske vatnet vert berre kalla djuphavsvatn, der saltinnhaldet og temperaturen er relativt konstant. Dette nivået strekkjer seg typisk frå kring 1000 m og ned til havbotn. Temperaturane i dette laget er normalt under 0 °C og saltinnhaldet er kring 34,9 psu.[2]

Djuphavsmassane (>1600 m) er resirkulert innanfor Grønlandshavet på grunn av Jan Mayen-brotsonen. Her møter djuphavet Jan Mayen-ryggen og vert bøygd austover mot det indre av Grønlandshavsvirvelen. Dei øvre laga klarer å nå Islandshavet uhindra. Det er viktig å merke seg at desse resirkulerte djuphavsmassane i Grønlandshavsvirvelen, vert resirkulert attende i Austgrønlandstraumen nær Framsundet.

Dynamikk[endre | endre wikiteksten]

Den generelle rørsla til Austgrønlandstraumen er sørover langs austsida av Grønland. Straumen er ganske sterk med ein årleg middel på 6–12 cm/s[2] i den øvre delen (<500 m) og stundom opp mot 20–30 cm/s.[3] Det vart estimert i 1991 av Hopkins et al.[4] at vasstransporten sørover varierer frå 2–32 Sverdrup. Dette er ein ganske stor variasjon og kjem av den varierande styrken til atlanterhavsstraumen i mellomdjupna. Dei nyaste estimata for vasstransporten i dei øvste laga (<800 m) er mellom 3 og 4 Sv.[1][5]

Transport av sjøis frå Arktis[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei viktigaste faktorane til Austgrønlandstraumen er sjøisen som vert ført inn i Nord-Atlanteren. Han er den største transportåra for sjøis ut av Arktis og det er estimert at meir enn 90 % av den arktiske sjøisen som vert ført bort frå Arktis går via Austgrønlandstraumen.[6] Kor mykje is som vert transportert kvart år er avhengig av mange faktorar (vind, temperatur osv.). Den største istransporten finn stad frå oktober og ut desember, medan han er minst frå januar og ut mars.[7] Denne årlege variasjonen skjer fordi isen smeltar om sommaren og driv sørover med dei kraftigare vindane ein har på hausten fram til desember. I vintermånadane frys sjøisen til att, slik at isfjella heng fast i det store isdekket. Volumet varierer mykje frå år til år. Det kan vere så mykje som 5000 km3/år og så lite som 1000 km3/år.[7]

Atmosfæriske tilhøve har ein stor innverknad på istransporten via Austgrønlandstraumen. Den nordatlantiske oscillasjonen (NAO)/den arktiske oscillasjonen (AO) har ein stor innverknad på vindfeltet over Arktis. Når NAO/AO-indeksen er høg, vert et syklonske vindfeltet over Arktis kraftig, og meir is vert transportert ut av Framsundet og inn i Austgrønlandstraumen. Når indeksen er låg, vert vinden svakare, og transporten mindre.[8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Schlichtholz, P. and M.N. Houssais (1999). «An investigation of the dynamics of the East Greenland Current in Fram Strait based on a simple analytical model». Journal of Physical Oceanography 29 (9): 2240–2265. doi:10.1175/1520-0485(1999)029<2240:AIOTDO>2.0.CO;2. ISSN 1520-0485. 
  2. 2,0 2,1 Aagaard, K., and L.K. Coachman, 1968: The East Greenland Current north of Denmark Strait, Part I, Arctic, 21, 181-200.
  3. Bersch, M., 1995: On the circulation of the northeastern North Atlantic. Deep-Sea Research, 42, 1583-1607.
  4. Hopkins, T (1991). «The GIN Sea—A synthesis of its physical oceanography and literature review 1972–1985». Earth-Science Reviews 30 (3–4): 175. doi:10.1016/0012-8252(91)90001-V. 
  5. Foldvik, A; Aagaard, K; Torresen, T (1988). «On the velocity field of the East Greenland Current». Deep Sea Research Part A. Oceanographic Research Papers 35 (8): 1335. doi:10.1016/0198-0149(88)90086-6. 
  6. Woodgate, Rebecca A.; Fahrbach, Eberhard; Rohardt, Gerd (1999). «Structure and transports of the East Greenland Current at 75°N from moored current meters». Journal of Geophysical Research 104: 18059. Bibcode 1999JGR...10418059W. doi:10.1029/1999JC900146. 
  7. 7,0 7,1 Martin, T; Wadhams, P (1999). «Sea-ice flux in the East Greenland Current». Deep Sea Research Part II: Topical Studies in Oceanography 46 (6–7): 1063. doi:10.1016/S0967-0645(99)00016-8. 
  8. Tsukernik, Maria; Deser, Clara; Alexander, Michael; Tomas, Robert (2009). «Atmospheric forcing of Fram Strait sea ice export: a closer look». Climate Dynamics 35 (7–8): 1349–1360. doi:10.1007/s00382-009-0647-z.