Austmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Austmann er ei nemning som har vorte brukt om personar som kjem reisande frå aust eller bur austom der ein sjølv kjem frå eller bur. Ofte er det ei hindring som fjell, vatn eller hav mellom der austmenn kjem frå og ein sjølv er. Austmann inngår i ein del norske stadnamn ved ruter som vart brukt til ferdsle mellom aust og vest, som til dømes Austmannalia i Røldal. Nemninga har vore vanleg på Vestlandet, då nytta om folk frå Austlandet (motsett Nordmann).

Island og Vesterhavsøyane har austmann vore brukt om nordmenn.

Islandsk mannsnamn[endre | endre wikiteksten]

Austmann vert brukt som mannsnamn på Island. i 2005 var det 27 gutar og menn som bar namnet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]