Austnesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innløpet til Austnesfjorden sett nordover nær Svolvær

Austnesfjorden er ein fjord i Vågan kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 13 km nordover til Laupstad.

Fjorden har innløp mellom holmen Barden i aust og Svolvær lufthamn ved Svolvær i vest. Like nord for flyplassen går Husvågen og Buksnespollen nordvestover. Litt lenger nord ligg Vatterfjorden og Vatterfjordpollen på vestsida. To andre fjordarmar ligg lenger nord. Austpollen går austover, og like på andre sida går Vestpollen vestover. Bygda Liland ligg like ved innløpet til Austpollen. Inst i fjorden ligg bygda Laupstad.

E10 går langs heile vestsida av fjorden.