Australialova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Australialova (engelsk: Australia Act) frå 1986 vart vedtatt av parlamenta i Australia, alle delstatane i Australia og Storbritannia. Loven skar over dei siste legale og juridiske bindingane mellom Australia og Storbritannia. Loven fjerna den merkverdige ordninga at den britiske nasjonalforsamlinga kunne lage lovar for individuelle statar i Australsambandet.

Ein av dei viktigaste konsekvensane av loven var at ein ikkje lenger kunne anke ei sak for domstolane i delstatane til «the Privy Council» i London. Dette gav den australske høgsteretten ei meir sentral rolle som domar i siste instans.

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.