Australsule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Australsula)
Australsule
Australsule Foto: JJ Harrison
Australsule
Foto: JJ Harrison
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Australsule
Utbreiinga av Australsule
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Sulefamilien Sulidae
Slekt: Morus
Art: Australsule M. serrator
Vitskapleg namn
Morus serrator

Australsule (Morus serrator, før Sula bassana) er ein stor sjøfugl i sulefamilien som hekkar i Australia og på New Zealand. Dette er ein av tre artar i slekta Morus som òg samlar havsule og kappsule.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Australsule har kroppslengd på 89 centimeter og veg 2,3 kilogram i gjennomsnitt.[1] Vaksne har mest kvit farge i fjørdrakta, vengefjørene ved vengespissane og bakkanten av vengen er svarte. Dei sentrale halefjørene er òg svarte. Oversida av hovudet er gult, og nebbet bleikt blågrått, kanta i svart. Dei har lysblå augering.

Unge fuglar har spraglete fjørdrakt i det første leveåret, mørk på oversida og lys under. Hovudet er ein mellomgrått, med eit mørkt nebb. Fjørdrakta vil gradvis gå over til meir kvitt i påfølgjande sesongar før dei er mogne etter fem år.

Hekkehabitatet er på øyane utanfor Victoria, Tasmania og New Zealand. Normalt hekkar dei i store koloniar på øyar nær kysten. Eit stort unntak er ein verna koloni på 5000 par på Cape Kidnappers, Nordøya på New Zealand. Der er òg koloniar på fastlandet på Muriwai og Farewell Spit,[2] sistnemnde staden er på nordvestspissen av Sørøya.

Para kan halde saman over fleire sesongar. Dei utfører omfattande helsingsritual ved reiret, strekkjer nebba og halsen opp og slår nebba forsiktig mot kvarandre. Dei vaksne held seg i hovudsak nær koloniane, medan dei yngre fuglane spreier seg.

Desse fuglane er stupdukkarar og spektakulære fiskarar, dei stuper ned i havet i høg fart. Dietten er hovudsakleg blekksprut og fisk som går i stim nær overflata.

Populasjonen av australsule har vore aukande sidan 1950, sjølv om nokre koloniar har forsvunne og andre har fått redusert i storleik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  2. Maggy Wassilieff. New Zealand's main gannet colonies, 'Gannets and boobies', Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand. Wellington: Ministry for Culture and Heritage. Updated 2 March 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Morus serrator