Austre valkrins
Austre valkrins (nordsamisk: Nuortaguovllu válgabiire, bokmål: Østre valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 1. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførde i manntalet til Sametingsvalet. I 2005 var det 2 140 personar som var registrerte i manntalet i området.[2]
Krinsen femner kommunane Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Tana, Berlevåg, Lebesby og Gamvik i Finnmark fylke.[1]
Det skal ved valet i 2009 veljast inn seks sametingsrepresentantar frå krinsen.[3][2] I Sametingsperioden 2009-2013 skal tinget ha tilsaman 39 representantar.
Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[3] Austre valkrins tilsvarar dei to tidlegare krinsane Varanger valkrins, med Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø og Båtsfjord kommunar og Tana valkrins, med Tana, Berlevåg og Gamvik kommunar, i tillegg til Lebesby kommune som tidlegare høyrde til Porsanger valkrins.[2]
[endre] Parti og vallister som stiller til Sametingsvalet i 2009 i Austre valkrins
Desse partia og vallistene stiller til Sametingsvalet i 2009 i krinsen.[4][5]
- Árja
- Arbeidarpartiet
- Felleslista
- Framstegspartiet
- Høgre
- Norske Samers Riksforbund/Samefolkets parti (fellesliste)
- Ofelaš
- Samenes Folkeforbund samepolitiske enhet
- Senterpartiet
[endre] Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Sametingsvalget 2009: «1. Nuortaguovllu válgabiire/Østre valgkrets»
- ↑ 3,0 3,1 «Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget
- ↑ «Sametingsvalget - Her er alle kandidatene» på nettstaden til NRK Sameradioen
- ↑ Vallistene i Austre valkrins til Sametingsvalet 2009 på nettstaden til Det norske sametinget
[endre] Bakgrunnsstoff
- FOR 2008-12-19 nr 1480: Forskrift om valg til Sametinget på nettstaden lovdata.no
- Sametingsvalget 2009 – Rundskriv om endringer i valgbestemmelsene i sameloven og forskrift om valg til Sametinget på nettstaden til Den norske regjeringa
|
|
||
|---|---|---|
| Austre · Ávjovárri · Nordre · Gáisi · Vesthavet · Sørsamisk · Sør-Noreg | ||