Autoharpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
modern Autoharp

Autoharpe er eit strengeinstrument. Instrumentet består av akkordknappar som vert trykt ned og dempar resten av strengane. Trass i namnet er ikkje instrumentet ei harpe i det heile, men ein siter.

Det er eit enkelt instrument, men særs følsamt. Dersom instrumentet vert utsett for raske temperaturendringar kan det lett verte ustemd.

Autoharpa fekk stor tyding då det vart brukt som ein viktig del i countrygruppa The Carter Family.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.