Autotrofi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein autotrof eller produsent er ein organisme som sjølv kan byggje opp organiske stoff, slik som karbohydrat, feitt og protein, ved hjelp av energi. Organismen skaffar seg sjølv det stoffet og den energien som er naudsynt for å oppretthalde livet. Orda er samansett av to greske ord: auto som tyder «sjølv» og trophein som tyder «nært». Den direkte tydinga av omgrepet er sjølvnærande og difor òg sjølvforsynt.

Tidleg i Jorda si geologiske historie oppstod det autotrofe organismar som utnytta den kjemiske energien frå oksygenfattige karbon- eller svovelbindingar til å byggje opp naudsynte sukkerstoff. Dei finst enno i oksygenfrie eller oksygenfattige omgjevnader, og produksjonsmetoden deira kallast kjemosyntese.

Seinare oppstod det eincella organismar, cyanobakterier eller blågrønalgar som hadde utvikla ein ny metode til å skaffe seg stoff og energi på, nemleg fotosyntesen. Det ser ut til at fotosyntesen seinare er vorte overført til grøne planter ved at dei har teke til seg blågrønne bakteriar utan å fordøye dei. I alle fall er det tankevekkjande at kloroplastane, organellene som utfører fotosyntesen, har sitt eige DNA.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]