Avşa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avşa (tyrkisk Avşa Adası) eller Türkeli er ei tyrkisk øy sør i Marmarahavet. I antikken og under Austromarriket vart ho kalla Aphousia (gresk Αφουσία) eller Ophiousa (Οφιούσα) og var ein stad som vart nytta som eksil under austromarane.
Øya ligg i dag i distriktet Marmara i provinsen Balıkesir nordvest i Tyrkia. Ho er eit popluært turistmål, særleg for turistar frå Istanbul. Det lokale innbyggjartalet er kring 2 000, men om sommaren kan det vere opp mot 50 000 menneske på øya.
Ein kan nå øya med båt frå Istanbul, Erdek og Tekirdağ.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Avşa» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2012.