Avadhi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Avadhi (Awadhi, kósáli, baisvárí, púrbí) |
||
| Klassifisering: | Indoeuropeisk indoiransk indoarisk austleg sentral sone |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | India, Nepal | |
| Område: | Awadhregionen i Uttar Pradesh | |
| Avadhitalande i alt: | 20 540 000 (1999) | |
| Skriftsystem: | Devanagari | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | India | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2: | awa | |
| ISO 639-3: | awd | |
Avadhi er eit austleg indoarisk språk som ofte blir rekna som ein dialekt av hindi. Det er det største språket innan austleg hindi med om lag 2/3 av talarane.
Avadhi var eit viktig indisk litteraturspråk før utviklinga av skriftleg hindustani, med eit høgdepunkt på 1500- og 1600-talet. Store diktarar som Tulsidas og Djajasi skreiv på avadhi.
Fonologi [endre]
Den nest siste stavinga i eit ord har alltid kort vokal. Dette gjeld også i ei bøygd form av eit ord.
Morfologi [endre]
Substantiv har genus i vestleg avadhi, men ikkje i austlege målføre. Adjektiv blir hovudsakleg ikkje bøygde, men kan ta -i i feminin i måla med genus.
Kjelder [endre]
- G. A. Zograph: Languages of South Asia, 1960 (translated by G.L. Campbell, 1982), Routledge, London.
- Engelsk Wikipedia