Avaldsnes kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Avaldsnes kyrkje | ||
|
Avaldsnes kyrkje fotografert hausten 2005 |
||
| Generelt | ||
| Kyrkjesamfunn: | ||
| Bispedøme: | Stavanger | |
| Prosti: | Karmøy | |
| Prestegjeld: | Avaldsnes | |
| Fellesråd: | Karmøy | |
| Sokn: | Avaldsnes | |
| Innvigd: | Ukjend | |
| Arkitektur | ||
| Type: | langkyrkje | |
| Teknikk: | mura | |
| Kyrkjerommet | ||
| Plassar: | 450 | |
| Avaldsnes kyrkje på Commons | ||
Avaldsnes kyrkje er ei steinkyrkje på Avaldsnes i Karmøy kommune i Rogaland fylke. Kyrkja vart bygd i mellomalderen. Kong Kong Håkon IV Håkonsson gav i 1250 løyve til å byggja ei kyrkje på Avaldsnes. Avaldsnes kyrkje var ei av fire kongelege kollegiatkyrkjer, dvs. at ho hadde rett til å utdanne kongetru prestar. Kyrkja var òg ei viktig pilegrimskyrkje i mellomalderen.
Like ved kyrkja står ein skeiv bautastein kalla Jomfru Marias synål. Folketradisjonen seier at når steinen treffer kyrkjeveggen, kjem dommedag. Det blir òg sagt at fleire prestar har kappa toppen av steinen for å unngå dette.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Biletgalleri i GalleriNOR
- Jomfru Marias synål
- «Kirkebøker, Rogaland» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Om Avaldsnes sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
[endre] Litteratur
- Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiri, Middelalder i stein bind 1 i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3
Denne kyrkjeartikkelen som har med Rogaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.