Avernosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avernosjøen
Avernosjøen -
Avernosjøen is located in Italia
Stad Campania
Koordinatar 40°50′18″N 14°04′30″EKoordinatar: 40°50′18″N 14°04′30″E
Type innsjø Kratersjø
Tilknytte land Italia
Største djupne 60 m
Kystlengd1 2 km
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Avernosjøen er ein kratersjø i regionen Campania sør i Italia, om lag 4 km nordvest for Pozzuoli. Han ligg nær vulkanfeltet Campi Flegrei og utgjer ein del av Den campanianske vulkanbogen. Innsjøen er om lag sirkelforma og har ein omkrins på 2 km og er 60 meter djup.

Averno var viktig for romarane som rekna innsjøen for inngangen til Hades. Ho har fått namnet sitt etter det greske ordet αορνος, som tyder «utan fuglar». Dette kjem av at ein trudde fuglar som fauk over innsjøen ville falle død til bakken på gurnn av dei giftige gassane som strøymde opp av innsjøen. Namnet Averno eller Avernus vart oftte nytta av romerske forfattarar som eit synonym for underverda. I Vergil sitt verk Aineiden går Aineas ned i underverda gjennom ei grotte nær innsjøen.

Det er uklårt om innsjøen faktisk var så dødleg som rykte skal ha det til, men det er mogeleg at vulkansk aktivitet kan ha produsert dødelege gassar. Kratersjøar ved aktive vulkanar kan vere særs farlege, som Nyossjøen i Kamerun er eit tragisk døme på.

Trass i at innsjøen skal ha vore farleg slo mange romarar seg ned ved breidda og det vart bygd villaer og vingardar. Personifiseringa av innsjøen, deus Avernus, vart tilbedd i tempel ved innsjøen og eit stort bad vart bygd ved austsida av innsjøen.

I 37 f.Kr. gjorde den romerske generalen Marcus Vipsanius Agrippa innsjøen om til ein marinebase kalla Portus Julius etter Julius Cæsar. Det vart bygd ein kanal til ein nærliggande innsjø (Lucrinus Lacus) og frå her vidare til sjøen. Innsjøen hadde òg tilknytting til den greske kolonien Cumae via en undergrunnspassasje kalla Grotta di Cocceio, som var 1 km lang og brei nok til han kunne nyttast stridsvogner. Dette var den første store vegtunnelen i verda og kunne brukast heilt til 1940-åra.

Innsjøen vart òg kalla Lago di Tripergola av italienske geografar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]