Avesta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Avesta, tidlegare òg kalla Zend-Avesta, er ei samling av gammaliranske heilage skriftar innafor trua parsisme.

Ein meiner at dei viktigaste delane av tekstane er dei heilage openberringane til profeten Zarathustra, som vart skriven ned kring år 1000 f.Kr. Dei eldste delane meiner ein er noko eldre, medan dei yngre delane er skrivne 559-330 f.Kr.

Avesta bestod opphavleg av 21 bøker, men berre ei av desse er i dag bevart i sin heilskap, Videvdad. Innhaldet i dei tapte delane er likevel delvis kjend frå anna teologisk litteratur. Dette er liturgiske tekstar som prestane framleis nyttar under gudstenestene. Videvdad inneheld mellom anna skapingssoga, ei geografisk skildring av Iran og ein del mytiske soger. Yasht-samlinga inneheld hymner til dei enkelte gudane i parsismen.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Avesta

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk