Avesta kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avesta kommun må ikkje forvekslast med Alvesta kommun i Kronobergs län.
Avesta kommun
Avesta vapen.svg
Kommunevåpenet til Avesta kommun
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Centralort Avesta
Areal 673 km²
 – Landareal 616 km²
 – Vassareal 57 km²
Folketal 21 927
Folketettleik 36/km²
Kommunenummer 2084
Nettside www.avesta.se
Kart
Avesta Municipality in Dalarna County.png

Avesta kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til Hofors kommun og Sandvikens kommun i Gävleborgs län i nord. I sør grensar han til Norbergs kommun og Sala kommun i Västmanlands län. Han har også ein nabokommune i eige len, Hedemora kommun i nordvest. Administrasjonssenteret i kommunen er Avesta.

Avesta er ein skogskommune med lange tradisjonar for industri, men i den seinare tida har kommunen vorte ramma hardt av nedleggingar av arbeidsplassar.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

I Avesta kommun vart i 1889 municipalsamhället Avesta oppretta, og i Folkärna kommun vart det i 1904 oppretta eit municipalsamhälle med namn Krylbo. I 1907 vart Avesta köping grunnlagd gjennom omstrukturering av kommunen, og municipalsamhället vart oppløyst. I 1919 vart köpingen omdanna til Avesta stad. Same år braut tettstaddelen ut av Folkärna kommun for å opprette Krylbo köping.

Ved kommunereforma i 1952 skjedde det ingen samanslåingar i området. I staden vart blockkommunen Avesta oppretta allereie i 1967, då Avesta stad vart slått saman med Krylbo köping, samt landskommunane By, Folkärna og Grytnäs. Den nye kommunen var formelt by fram til 1971, då namnet vart Avesta kommun.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: Eit sølvskjold delt av eit band med ein blå straum. Oppe eit raudt jernmerke og nede eit koparmerke med same farge.[1]

Våpenet vart fastsett i 1920 for Avesta stad. Det symboliserer Dalälven og industrien på staden. Ved kommunegrunnlegginga hadde, som ofte i Dalarna, alle einingane eigne våpen. Byvåpenet vart registrert uforandra hjå Patent- och registreringsverket i 1974.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er fem tettstader i Avesta kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Avesta 14 738
2 Horndal 1 127
3 Fors 845
4 Nordanö 435
5 Näs bruk 223

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «En sköld av silver med en bandvis ställd blå ström åtföljd ovan av ett rött järnmärke och nedan av ett kopparmärke av samma färg».