Avignon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avignon
Avignon-place-palais.jpg
Byvåpenet til Avignon
Byvåpenet til Avignon
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Vaucluse
Geografi
Flatevidd
 - By

64,78 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

85 935
  1 326/km²
290 466
Koordinatar 43°56′58″N 04°48′32″EKoordinatar: 43°56′58″N 04°48′32″E
Høgd over havet 23 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.avignon.fr

Avignon (oksitansk Avinhon eller Avignoun) er ein by sør i Frankrike og har eit folketal på nær 90 000. Etter ei folketeljing i 1999 hadde storbyområdet 290 466 innbyggjarar.

Byen er mest kjend for si historiske rolle som sete for fleire pavar1300-talet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Avignon er prefecture (hovudstad) i departementet Vaucluse, og ligg på venstre sida av elva Rhône, eit par kilometer ovanfor staden der elva renn i hop med Durance, og om lag 580 km søraust for Paris, 143 km sør for Lyon og 85 km nordvest for Marseille. Byen utgjer kjernen i eit område kalla Stor-Avignon, som består av tolv kommunar fordelt på begge sider av elva Rhône: Les Angles, Rochefort-du-Gard, Saze et Villeneuve-lès-Avignon i departementet Gard og Avignon, Caumont-sur-Durance, Jonquerettes, Morières-lès-Avignon, Le Pontet, Saint-Saturnin-lès-Avignon, Vedène et Velleron i departementet Vaucluse.

Avignon vert ofte råka av kraftig vind, og den kraftigaste av desse er mistralvinden. Eit noko overdrive ordtak seier: Avenie ventosa, sine vento venenosa, cum vento fastidiosa («Vindfulle Avignon, plaga av pest når det ikkje er vind, plaga av vind når det er»)

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Brua Pont Saint Bénezet til venstre

Ei høgd ved nordenden av byen, Rocher les Doms, har spor etter ei festning eller ein festningsby som er datert til keltisk tid. I romersk tid var byen eit viktig senter i Gallia Narbonensis, men med unntak av nokre få restar av eit forum ved Rue Molière er det lite spor etter denne tida. Under invasjonane på 400-talet vart byen sterkt skada, og i 737 vart han øydelagt av frankarane under Karl Martell etter at borgarane hadde tatt arabarane si side. Etter dette høyrte byen først til kongedømet Burgund og sidan til kongedøme Arles.

Mot slutten av 1100-talet erklærte byen seg som sjølvstendig republikk. Denne perioden tok slutt i 1226, då Ludvig VIII av Frankrike tok byen og øydela festningsverka som straff for at dei hadde støtta katharane. Avignon vart først gjeve til greven av Provence, og så vidare til greven av Toulouse.

Kyrkjehistorie[endre | endre wikiteksten]

Avignon vart bispesete svært tidleg, i følgje enkelte kjelder så tidleg som år 70. Meir sikker er ein på at det var eit bispesete i byen frå 300- eller 400-talet. I 1475 vart dette oppgradert til metropolitterkebispedøme. Frå 1801 var det igjen eit vanleg bispedøme, men i 1822 vart det igjen opphøgd til metropolitterkebispedøme. Siste endring så langt var i 2002, då det var erkebispedøme utan suffraganar.

Pavane i Avignon[endre | endre wikiteksten]

I 1303 oppretta pave Bonifatius VIII eit universitet i byen, som vart vidkjend for sine jusstudiar. Universitetet var av Frankrike sine beste i dette faget fram til den franske revolusjonen.

Palais des Papes - Pavane sitt palass

Klemens V valde i 1309 å busetje seg i Avignon. I 1348 selde grevinne Jeanne av Provence byen til pave Klemens VI for 80 000 gullgylden. Sjølv om byen etter at Gregor XI flytta til Roma i 1377 var sete for fleire motpavar høyrte til han Den Heilage Stol fram til 1791, då han vart innlemma i Frankrike. Då Kyrkjestate og dei tilhøyrande pavelege bilanda vart restituert under Wienerkongressen i 1815, var Avignon av unntaka - saman med det omliggande Venaissin vart område verande fransk.

Pavane som hadde sete i byen var:

Perioden der pavane hadde sitt sete i Avignon, frå 1309 til 1377, har vorte kalla pavane sin «babylonske fangenskap». Det pavelege hoffet var prega av korrupsjon og ein livsstil som var meir laussleppt enn det ein ventar av pavar. Av kritikarar av korrupsjonen i byen finn ein mellom anna Francesco Petrarca, som medverka til å gjere pavane oppmerksam på kor pinleg situasjonen byrja å verte. Denne italienske humanisten og diktaren budde i lange periodar i Avignon. Det var òg to kvinner som spesielt markerte seg i arbeidet for å få pavane tilbake til sitt eigentlege bispesete, Roma, nemleg Katarina av Siena og den svenske Birgitta av Vadstena.

Paven sin avreise til Roma i 1377 utløyste det store vestlege skisma. To motpavar, Klemens VII og Benedikt (XIII) haldt til i byen fram til 1408, da Benedikt flykta til Aragon.

Murane som vart bygd av pavane i åra før 1348 er godt bevart. Dei utgjer ikkje spesielt sterke festningsverk sidan pavane i staden sette sin lit til å lage festningsverk rundt sjølve pavepalasset, Palais des Papes. Den gotiske bygningen, reist 1335-1364, har veggar som er meir enn 5 meter tjukke, og ligg på ein naturleg klippe som gjer han vanskeleg å gå til åtak på. Etter revolusjonen vart han i mange år nytta som militærforlegning, og er no eit museum.

Etter at skismaet hadde enda vart Avignon styrt av pavelege legatar som ein del av Pavestatane. Byen var heile tida trua av franske styrkar, som haldt til i ein stor garnison i Villeneuve-les-Avignon på den andre sida av elva.