Avisa Lister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lister var ei norsk avis som vart utgjeven i Farsund i Vest-Agder.

Lister vart starta i 1878, men gjekk sidan inn i 1881. Avisa starta opp att to år seinare og vart venstresidas talerøyr i Farsund heilt fram til avisa gjekk inn i 1934.[1] Mellom anna får avisa æra for at Farsunds Avis vart starta i 1889, etter at ordet «presteskap» vart til «presteskrap» i ein artikkel frå ein fest halden av Farsund Høire.[2]

Namnet Lister vart frå januar 2010 teken i bruk av nettopp Farsunds Avis. Namnet vert brukt på Farsunds Avis si regionsutgåve kvar torsdag. [3] Dermed stod Lister opp att etter 76 år, takka vere sin gamle erkerival.

Referanser[endre | endre wikiteksten]