Avisa Møre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Møre er ei avis som vert utgjeven i VoldaSunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Avisa er rekna som den fyrste lokalavisa som vart starta i Noreg. Fyrste redaktør var Sivert Aarflot (17591817), som starta avisa på Ekset i Volda i 1810. Avisa fekk frå starten namnet Norsk Landboeblad. Andre namn på avisa har vore Landboe-Avisen, Postbudet, Møringen og Ugebladet. Familien Aarflot sit framleis i leiinga av avisa. Avisa Møre blir utgjeven av Aarflots prenteverk AS. Trykkeriet vart grunnlagt av Sivert Aarflot i 1809. Tore Aarflot er pr. 2005 redaktør og Harald Aarflot er disponent.

Avisa Møre vert redigert på nynorsk.

Opplagstal[endre]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2004 3 775
2005 3 746
2006 3 759
2007 3 752
2009 3 722
2010 3 690

Kjelder[endre]

  1. 2002-2004, 2005-2006, 2006-2007 2009-2010 Netto opplag for aviser tilknytta Landslaget for Lokalaviser (LLA). Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.