Avisa Orientering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Avisa Orientering kom i gang i årsskiftet 1952-1953, og gjekk inn i avisa Ny Tid i 1975. Grunnen til at den nye avisa kom til, var at mange syntest det var blitt veldig vanskeleg å komme til i pressa elles med synspunkt som var kritiske til NATO og vestleg kapitalisme generelt. Samtidig var dei sosialistane som danna avisa heilt uviljuge til å gå inn i Norges Kommunistiske Parti. Hovudgruppa i "Orienteringskretsen" var folk på venstre fløy av Arbeidarpartiet, som var misnøgde med den politiske utviklinga i dette partiet og med det dei meinte var mangel på fritt ordskifte. Dette var folk som Karl Evang, Sigurd Evensmo og Finn Gustavsen. Dei hadde og støtte frå gamle sosialdemokratar i arbeidarrørsla, blant dei Christopher Hornsrud.

Den politiske linja til Orienteringskretsen var eit «tredje standpunkt», verken høgresosialdemokratisk eller kommunistisk, med kritisk haldning til både Moskva og Washington, eit uavhengig sosialistisk standpunkt.

Ei god stund blei avisa prega av utanrikspolitiske spørsmål, fordi desse stod så sentralt under den kalde krigen, og fordi Orientering for mange var den «einaste råken i isen», det einaste organet der den internasjonale stoda kunne diskuterast på fritt grunnlag. Etterkvart kom også meir innanrikspolitiske spørsmål i fokus, særleg spørsmålet om det kunne utplasserast atomvåpen i Noreg. Da landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1961 gjorde programvedtak som syntest å kunne opne for dette, blei Sosialistisk Folkeparti (SF) danna med utgangspunkt i Orienteringskretsen, og med Orientering som uoffisielt talerør for det nye partiet.

Da SF gjekk inn i det nye samlingspartiet SV (Sosialistisk Venstreparti) i 1975, blei bladet nedlagt og oppteke i SV-avisa Ny Tid (no uavhengig venstreorientert).