Avoca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avoca
Avonmore til venstre, Avonbeg til høgre, og Avoca rett fram.
Avonmore til venstre, Avonbeg til høgre, og Avoca rett fram.
Utspring The Meeting of the Waters i County Wicklow
Munning Irskesjøen ved Arklow
Land i nedslagsfelt Irland Republikken Irland

Avoca (irsk Abhainn Abhóca), eller tidlegare Ovoca, er ei elv i County Wicklow i Republikken Irland. Acova har sitt utspring der to andre elvar møtes, Avonmore (irsk abhann mór, «stor elv») og Avonbeg (irsk abhann beag, «lita elv»). Desse to møtes ved ein stad kalla The Meeting of the Waters («der vatna møtes»), som vart hylla i ein song av Thomas Moore med same namn.

Landsbyen Avoca ligg ved elva.

Avoca munnar ut i Irskesjøen ved Arklow der ho endar i ein brei elvemunning, som har gjeve Arklow det irske nament an t-Inbhear Mór (det store innløpet).

Avocadalen har ei stor kopargruve og lenger nede i elva ein gjødselfabrikk (som har vore stengd sidan 2002). Desse skal ha medverka kraftig til forureining i dei nedre delane av elva.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]