Avogadro si lov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Avogadros lov)

Avogadro si lov er ei gasslov kalla opp etter Amedeo Avogadro som i 1811 la fram følgjande hypotese:

Like volum av gassar ved same temperatur og trykk, inneheld det same talet på partiklar eller molekyl.

Altså er talet på molekyl i eit visst volum av ein gass avhengig av storleiken eller massen til gassmolekyla. Som eit døme vil like volum av molekylært hydrogen og nitrogen innehalde like mange molekyl.

Denne lova kan matematisk uttrykkast som:

.

der:

V er volumet til gassen.
n er talet på mol i gassen.
a er ein konstant.

Likninga over er derimot berre triviell, og gjeld for alle homogene substansar, inkludert homogene væsker og faste stoff. Dette forholdet er lett å utleie, og var tenkt ut før Avogadro gjorde sitt arbeid.

Den viktigaste konsekvensen av Avogadro si lov er at den ideelle gasskonstanten har same verdi for alle gassar. Dette tyder at konstanten

der:

p er trykket til gassen
T er temperaturen til gassen.

har same verdi for alle gassar, uavhengig av storleiken eller massen til gassmolekyla. Dette uttrykket er ikkje-triviell, og viser Avogadro sitt geniale innsyn i eigenskapane til ideelle gassar. Det tok mange tiår å vise Avogadro si lov basert på gassane sin kinetiske teori.

Ein mol av ein ideell gass tar opp ein plass på 22,4 liter (dm³) ved standard temperatur og trykk. Volumet vert ofte kalla molart volum til ein ideell gass. Verkelege gassar kan avvike frå denne verdien.

Talet på molekyl i ein mol vert kalla Avogadros tal: om lag 6,022×1023 partiklar per mol.

Avogadro si lov, i lag med den kombinerte gasslova, dannar den ideelle gasslova

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]