Avoirdupois

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Avoirdupois er eit einingssystem for masse. I Storbritannia og USA vert det nytta i handel for alle varer utanom smykkestein, edle metall og apoterkarvarer. Grunneininga er eit pound avoirdupois som sidan 1963 er definert lik 0,453 592 37 kg. Eit pound er delt i 16 ounces à 16 drams à 2711/32 grains.

I Storbritannia vert 112 pounds lik ein (long) hundredweight (cwt), og 20 cwt lik eit (long) ton. I USA vert 100 pounds lik ein (short) cwt, og 20 cwt lik eit (short) ton. For smykke og edelmetall nyttar ein troy-systemet, og for apotekarvarer eit eige system. Berre eininga grain er felles i alle tre systema.

Avoirdupois-systemet vart i Storbritannia offisielt overteken i 1965 av SI-systemet. I USA er systemet framleis i bruk ved sidan av SI.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]