Avon Heathcote-estuaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christchurch med estuaret og elvene Avon og Heathcote.

Avon Heathcote-estuaret (engelsk Avon Heathcote Estuary) er det største, delvis innestengde, grunne estuaret i regionen Canterbury og er eit av dei viktigaste våtmarksområda ved kystenNew Zealand. Internasjonalt er dette godt kjent som eit viktig habitat for trekkfuglar, og det er ein stor ressurs både som rekreasjonsområde og for utdanningsføremål. Ein gong var estuaret høgt verdsett av māoriane for mahinga kai (māorispråk for samlingsstad for føde)[1].

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Avon Heathcote-estuaret sett frå Redcliffs

Avon River renn in i estuaret frå nordvest, og Heathcote River frå sørvest. Estuaret har trekantfasong, eit kort innløp frå havet ved Pegasus Bay, som det er avgrensa frå, først og fremst av den fire kilometer lange landtunga Brighton Spit, der forstadane New Brighton, South New Brighton og Southshore ligg.

Det mest særprega kjennemerket ved innløpet, er den djupe kanalen mellom Rapanui Rock ("Shag Rock") og Brighton Spit.

Storleik[endre | endre wikiteksten]

Estuaret har eit areal på 8 km2, det er grunt (middeldjupna ved vanleg høgvatn er 1,4 meter), og i tidevassona ligg berre 15% av arealet under vatn når det er fjære sjø ved vanleg tidevatn[2].

Avon-Heathcote Estuary Ihutai Trust[endre | endre wikiteksten]

Avon-Heathcote Estuary Ihutai Trust vart danna i 2002. Dette kom som eit resultat av førespurnadar frå ulike samfunnsinteresser om langsiktige handlingsplanar for estuaret. Medlemer i trusten omfattar representantar frå det offentlege, frå lokalmiljøet, eksisterande grupper (Friends of the Estuary og Christchurch Estuary Association), representantar frå Christchurch City Council, Environment Canterbury, tāngata whenua (māoriinteresser) og andre interesser[3].

Koordinatar: 43°32′49″ S 172°43′23″ E

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Avon Heathcote-estuaret
  1. Boyd, Felicity (2010). A RECREATIONAL AND SOCIAL HISTORY OF THE AVON-HEATHCOTE ESTUARY. Avon-Heathcote Estuary Ihutai Trust. Vitja 5. februar, 2012.
  2. R. H. Findlay & R. M. Kirk (1988). Post-1847 changes in the Avon-Heathcote Estuary, Christchurch: a study of the effect of urban development around a tidal estuary. New Zealand Journal of Marine and Freshwater Research. Vitja 5. februar 2012.
  3. Avon-Heathcote Estuary Ihutai Trust